annonse

Singel og sand mellom to permar

SAND
SAND: Sandnæringa i Modalen starta kring 1870, kan ein lesa i boka som kom ut like før jul. (Foto: Bokomslag)

Sanddrifta i Modalen tok til kring 1870, og dalen vart fort til sandbygda, lenge for ordet Stølsheimen var funne opp.

Jan-Egil Dyvik

Det kjem fram i eit lita bok eller­ hefte, som kom ut like før jul, med nemninga «Historia om sandnæringa i Modalen».

Som så ofte står det kvinner bak, og Bjørg Øvre Helland, Sigrun Dale og Inga Jorunn Nåmdal tok for ikkje så lenge sidan initiativet til å dokumentera sandnæringa i dalen. Britt Fares­tveit er ansvarleg for formgjevinga.

Sommaren 2017 vart ei fast utstilling om arbeidet med å få sanden ut, opna i Bryggjeslottet. Det er avgrensa kva ein kan fortelja med tekst og bilete på ein vegg. Difor vart det då også bestemt at det skulle lagast eit lokalt hefte som vart til 60 sider med lokalhistorie.

Næring

Boka er spekka med historiske bilete frå kommunen sitt eige arkiv saman med utlånte bilete frå privatpersonar i bygda.

Utskiping av sand skapte og gav næring også til Stamnesbygda, som vart den store sandskøytebygda på Vestlandet.

Med åra har store mengder sand og grus vorte levert frå Modalen, og det er varer av høg kvalitet, kan ein lesa i boka. Årsaka til den høge kvaliteten er at sanden er så rik på kvarts.

Sanddrifta har vore ei god attåtinntekt for mange bønder i Modalen. Sanden var også grunnen til at den fyrste industrien i bygda, AS Betong­industri, vart skipa.

Naturen endra

Det har også negative konsekvensar når millionar av kubikk­meter sand vert graven ut og skipa bort. Sanden som vart send ut fjorden med skøytene frå Stamnes er borte frå landskapet, og naturen er endra. Matjordlaget i sandtaka kunne ein ta vare på og føra tilbake når uttaket var ferdig.

Sandbokja fortel mykje lokalhistorie – også om at det var i Mostraumen alt starta. Heilt fram til 1743 var Mofjorden eit ferskvatn som dei kalla Mo­vatnet. Ein stor flaum i november 1743 opna stengsla mot fjorden, som etterpå kunne renna ut og inn i takt med flo og fjøre.

«Grupa»

Det er opna mange «sandgruper», som sandtaka heiter, i Modalen, og nokre er framleis i drift. Det lokale namnet på eit sandtak, ei «grupe», finn ein ikkje i noko ordliste, heller ikkje i ordlista for modals­målet.

– Men så er det no heller vanleg at mest alt og alle i bygda har to namn, heiter det.

Utan sand?

– Me har mykje å takka grupene og arbeidsplassane der, for at det framleis var mange som budde i dalen då kraftutbygginga og vegen kom, kjem det fram i ein av artiklane.

Nokre meiner grupene har høydelagt mykje i dalen, men skulle dei livnæra seg av? Ja, kva hadde Modalen vore utan sanden? heiter det.

Ikkje godt å vita kanskje, men korleis det eingong var og utvikla seg, det får ein i alle fall eit svært godt innblikk i gjennom tekstane og bileta.

Spadar i kommunevåpenet

Dei som har skrive boka har brukt bygdeboka og tidlegare bøker som kjelder. I tillegg er munnlege kjelder frå dei som var med på dette, viktige. Slike som Odd Helland, Jon Nygard og Oddbjørn Otterstad, som er spesielt nemnde.

Sjølv om mange av dei gamle sandgrupene er nedlagde, er det framliis store reservar på Helland og i Krossdal.

Slik sett treng ikkje Modalen endra kommunevåpenet sitt som var vart teikna i 1984, med det fyrste. Det har tre sand- spadar som motiv.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.