annonse

Siste røyst i valurna og snart klart for fyrste valdagsmåling

SISTE
SISTE: Gaute Brekke var den siste som fekk putta røystesetelen sin i urna hjå Vangen krins. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
STOD I KØ
STOD I KØ: Grethe Finsrud Agerlie og Svein Mykkeltvedt leverte røyster frå Bolstad, og var mellom fleire som stod i kø for å gje frå seg røystene måndag kveld. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
KLAR
KLAR: Linda Monsen Merkesdal er i kveld på valvake i Gamlekinoen, der ho håpar på regjeringsskifte med Ap i spissen. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Gaute Brekke røysta like før Vangen krins stengde lokala på tinghuset. – Eg rakk det akkurat!

Ingvild Siglen Berger

Han var mellom dei aller siste som tok til røystelokala på Voss måndag kveld.

– Tre minutt igjen, sa Anne Helene Skorve i røystestyret då Brekke kom inn døra i kommunestyresalen, der Vangen krins held til.

Der har 11 personar teke imot omkring 1100–1200 røyster gjennom valdagen.

– Det har vore eit jamt sig heile tida. Dabba litt av rett før klokka 20.00, seier Skorve.

Bra røysting

Etter at klokka passerte 20.00, vonar dei bruka eit par timar på å telja opp røystene, som så vert levert til vidare teljing. Grethe Finsrud Agerlie og Svein Mykkeltvedt var mellom fleire som leverte røystesetlar på tinghuset i kveld.

– Me har med oss 95 røyster frå Bolstad, av 157 med røysterett. I tillegg har 29 førehandsrøysta. Så det tykkjer me er veldig bra, seier Agerlie.

Frå Evanger kom det 160 røystesetlar, frå Hauge krins kom det 125, medan Oddvar Skjefstad leverte 404 røyster frå Gullfjordungen krins.

Klar kandidat

Like bortanfor, på Gamlekinoen, gjorde Arbeidarpartiet sin 6. kandidat i Hordaland, Linda Monsen Merkesdal, klart til valvake med raud naglelakk på. I lokalet er det pynta til fest.

– Eg har høg puls no, og trua på regjeringsskifte, seier ho, og legg til:

– Det er mange faktorar som speler inn på om eg kjem inn på tinget. Eg håpar eg får sjansen til å vera med og jobba med politikk, ikkje berre snakka om det som me har gjort dei siste tre vekene. Det har vore tre utruleg kjekke veker, seier kandidaten.

Om Arbeidarpartiet gjer brakval og om ho kjem rett inn på tinget, har Monsen Merkesdal ein ting å seia:

– Då er eg klar!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.