annonse

Siste vigslar unnagjort i Hardanger

GIFTA SEG
GIFTA SEG: Miroslava Gerasimovic og Olav M. Meland frå Skien, her med sorenskrivar Klaus Skjeldal (til h.). (Foto: Hardanger tingrett)

29. desember 2017 vart dei aller siste vigslane ved Hardanger tingrett gjennomført.

Ingvild Siglen Berger

– Ein historisk augneblink, melder Ann Helen Opedal hjå tingretten.

Fyrst ut denne dagen var Miroslava Gerasimovic og Olav M. Meland frå Skien. Sorenskrivar Klaus Skjeldal var vigslar denne dagen.

Det aller siste brudeparet som gifta seg hjå Hardanger tingrett i Lofthus, vart Åshild Djønne og Frode Eriksen frå Eidfjord.

– Den aller siste vigselen vart til og med gjennomført utandørs på den flotte vigselsplassen me har nytta, opplyser Opedal.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.