annonse

Sjå alle dei nye føretaka i området ditt

SKY FITNESS
SKY FITNESS: Treningssenteret med vossingen Linn Fjose i spissen oppretta det nye føretaket i sommar. (Foto: Privat)

+ Berre på Voss er det i løpet av sommaren skipa 29 nye føretak. Forretningsidéen er alt frå fjellføring, trepleie, netthandel og entreprenørarbeid.

Rolf Tepstad

Og ikkje minst har Voss fått endå ei røyrleggjarverksemd.

Føretaket er det tredje nyskipa i faget berre sidan mai månad. Lista under her omfattar perioden frå juni til og med august.

Ambulerande frisør

Også i grannekommunane har det spira og grodd i sommarvarmen. Aller mest i Ullensvang, der heile åtte føretak er blitt melde inn til Brønnøysundregisteret. Halvparten av dei har frukt som forretningsidé, både dyrking, pressing og programutvikling, men i tillegg finn me både eigedomsutvikling og ambulerande frisørverksemd på lista.

I vest er det innan bakeri- og søtsaker det spirer. Modalen har i løpet av sommaren fått låvebakeri med lokalt matutsal, medan nyskapnaden i Vaksdal kommune har filippiske kaker, brød og søtsaker øvst på menyen.

Vaksdal har totalt tre nye føretak, Eidfjord to og Modalen eitt. Korkje Ulvik eller Granvin hadde nyskipingar av føretak i perioden juni til og med august 2018.

Svært mange av dei nyskipa føretaka, både på Voss og i omlandet, har elles handel med aksjar og eigedom som forretningsidé.

Voss kommune:

ANLEGGSGARTNAR OG TREPLEIAR GUNNAR LILLETHUN. Føremålet er verksemd som anleggsgartnar, trepleiar, jord- og skogbruk. Innehavar: Gunnar Kløve Lillethun. Enkeltpersonføretak (ENK).

BAVALLSVEGEN AS. Utvikling og drift av fast eigedom med tilknytt verksemd. Lars Løne er både dagleg leiar og styreleiar.

BJØRNAR NEDKVITNE MASKIN. Maskinentreprenør, graving, transport og utleige. Innehavar: Bjørnar Nedkvitne (ENK).

BRYNASKOGEN 16 AS. Kjøp, sal og utleige av fast eigedom og naturleg tilknytt verksemd. Svenn Inge Høyland er dagleg leiar og styreleiar.

BYGGET AS. Kjøp, sal, utleige og utvikling av fast eigedom. Cato Østlie er dagleg leiar og styreleiar.

CHIC SKIN AS. Forretningsområdet er hudpleie. Gunnvor Hernes er styreleiar.

EIGARSEKSJONSSAMEIGA HESTAVANGEN 3. Eigarseksjonsameige. Styreleiar: Arve Oddmund Søgaard.

FLOKE GRØNN FRISØR AS. Drift og administrasjon av frisørverksemd, venleikspleie, kjøp og sal av produkt og tilknytt verksemd. Irene Stana er dagleg leiar og styreleiar.

GLADHEIM FJELLFØRING AS. Turarrangør for gjester som ynskjer naturoppleving i fri, norsk natur. Styreleiar: Henning Gladheim.

GREATER THAN SECURITY AS. Kursverksemd og sal av konsulenttenester med naturleg tilknytt verksemd. Styreleiar: Lars-Georg Skorve Paulsen.

HELLANDS HOLDING AS. Eiga, kjøpa og selja aksjar og naturleg tilknytt verksemd. Svenn Inge Helland er dagleg leiar og styreleiar.

HELLSENS RØR OG VVS AS. Røyrleggjarverksemd, service, rehabilitering, nymontering innan VVS. Jonas Stig-Åke Bengt Helsén er dagleg leiar og styreleiar.

HORDALAND ENTREPRENØR AS. Entreprenørarbeid innan bygg og anlegg og naturleg tilknytt verksemd. Kristian Øvsthus er dagleg leiar og styreleiar.

KEKELI DESIGN AS. Butikkhandel og netthandel, med hovudvekt på sal av tekstil- og lærprodukt som vesker, bager, kle og sko. Styreleiar: Therese Lothe.

KNUTE NELSON-GATA EIGENDOM AS. Utvikling og drift av fast eigedom. Stig Øyvind Rio Kvarme er dagleg leiar og styreleiar.

KRISTIAN TURVOLL. Anleggsarbeid, graving med maskin, utleige av maskinførar og tilknytt verksemd. Innehavar: Kristian Turvoll Røssland. (ENK).

LAFTASTOVO AS. Skal byggja og driva servicebygg for utleige til opplæring av førarkort klasse S og tilknytt verksemd. Dagleg leiar: Geir Bjarne Teigen. Styreleiar: Steinar Terje Tveite.

LAGRE KONSULT AS. Miljøterapeutiske tenester og anna næringsverksemd. Lars Ole Grevle er dagleg leiar og styreleiar.

LID BYGG & BETONG AS. Oppføring og rehabilitering av bygningar, betongarbeid og naturleg tilknytt verksemd. Sigve Lid er dagleg leiar og styreleiar.

LINN FJOSE TRENING AS. Treningsverksemd og tilknytte arbeidsfelt. Styreleiar: Linn Fjose.

MYRKDALSVEGEN 5 AS. Eiga og forvalta fast eigedom og naturleg tilknytt verksemd. Styreleiar: Kolbein Ure.

OFTEDAL VEKST AS. Utvikling, kjøp, sal og utleige av fast eigedom, deltaking i andre selskap og tilknytt verksemd. Styreleiar: Tore Nyborg.

OSA HAUGO DRIFT AS. Drift av ferieleilegheiter og naturleg tilknytt verksemd. Kjersti Osa er dagleg leiar og styreleiar.

OVERLAND INVEST AS. Kjøp og sal av aksjar, konsulentverksemd, eigedomsforvaltning og tilknytt verksemd. Styreleiar: John Ivar Norheim.

SAMEIGE BB2 - NYREFELTET. Eigarseksjonsameige. Styreleiar: Steinar Røthe.

SKIMT AS. Investering i aksjar og naturleg tilknytt verksemd. Styreleiar: Yngve Olav Høyland.

STRANDAVEGEN 14 AS. Utleige av fast eigedom. Unn Marit Standnes Bakketun er dagleg leiar og styreleiar.

VI ER AS. Virtuelle aktivitetar og opplevingar og som naturleg høyrer til dette. Styreleiar: Kenneth Tveite.

VMT HANDEL AS. Varehandel og andre tenester og naturleg tilknytt verksemd. Terje Vethe Nordbø er dagleg leiar og styreleiar.

Vaksdal kommune:

CYNTHIA’S FILIPPINSK KAKE OG ANDRE DELIKATESSER CYNTHIA DAO JARABELO: Sal av kake, brød og søtsaker. Innehavar: Cynthia Dao Jarabelo. (ENK).

HALLVAR HELLE. Tenesteyting – alt frå å måla veggar, snømåking og plenklipping til elektrikararbeid for byggjebransjen. Innehavar: Hallvar Helle. (ENK).

TURNING NORGE AS. Kjøp og sal av bilar og andre produkt som naturleg høyrer til. Også aksjehandel og utleigeverksemd. Styreleiar: Ronny Bjørnsen.

Modalen kommune:

LÅVEBAKERIET KRISTIN NÅMDAL. Bakeri, bakeriutsalg og lokalmatutsal. Innehavar: Kristin Nåmdal. (ENK).

Eidfjord kommune:

HEREID & SON AS. Vaktmeistertenester, maskinutleige, arbeid med gravemaskin og liknande. Tor-Helge Hereid er dagleg leiar og styreleiar.

KJÆRLEIK TIL MAT ARTHUR FJETLAND. Matfagleg undervisning, konsulenttenester og catering. Innehavar: Arthur Fjetland. (ENK).

Ullensvang herad:

ALDE AS. Drift av eplepresseri, tilverking og omsetning av sider og annan alkoholfri og alkoholhaldig drykk og naturleg tilknytt verksemd. Olav Bleie er dagleg leiar og styreleiar.

ALSÅKER SKOGSVEGLAG SA. Skal byggja og halda ved like ein skogsbilveg frå Steingarden til Rokald. Styreleiar: Lars Johan Alvsaker.

FRUKTKLIENT AS. Utvikla, selja og halda ved like logistikkprogram for fruktlager og pakkeri. Øystein Spilde er dagleg leiar og styreleiar.

GRYTING GRUNNEIGARLAG SA. Planmessig og organisert utnytting av sameigestølen. Laget skal òg stå for nyanlegg og vedlikehald av bruer, vegar og gjerde. Styreleiar: Kåre Tormod Nakkerud.

HEIMEKLIPPEN - MALIN ESPE. Ambulerande frisør. Innehavar: Malin Espe. (ENK.).

KINSARVIK HOTEL AS. Eiga og utvikla fast eigedom, under dette hotelleigedom i Ullensvang herad. Styreleiar: Bjørn M Hus.

LOFTHUS MORELLKOMPANI AS. Fruktdyrking og det som naturleg høyrer saman med dette. Dagleg leiar: Harald Alvavoll. Styreleiar: Magnus Opedal.

VINES GARD OG HYTTER JANNEKE JOHANSEN. Økologisk fruktdyrking og hytteutleige, gardsturisme. Innehavar: Janneke Johansen. (ENK.).

KONKURSAR

Ulvik:

MEDISINSK HELSESENTER AS. Bransje: Allmen legeteneste. Tvangsavvikling etter kjennelse i Hardanger tingrett 9. juli 2018. Bustyrar er Åse Berit A. Børve, Odda.

Vaksdal:

SOKULSKA SANDRA HELENA. Bransje: Reingjering av bygningar. Konkurs opna 14. juni 2018. Bustyrar: advokat Gerd Aaland Fagerli, Bergen.

Voss:

FRANZ ARKITEKTUR AS. Bransje: Arkitekttenester. Tvangsoppløysing etter kjennelse ved Bergen tingrett 8. juni 2018. Bustyrar er Jan H. Rasmussen, Bergen.

L/L VOSS FELLESBRYGGERI AS. Bransje: Produksjon av øl. Konkurs opna 13. juni 2018 etter oppbod. Bustyrar: advokat Sølvi Nyvoll Tangen, Bergen.

PLEI. Bransje: Reparasjon av datamaskiner og tilleggsutstyr. Konkurs opna 5. juni etter oppbod. Bustyrar: Eirik Nåmdal, Bergen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse