annonse

Sjå glimt av Modalen i ny Netflix-trailer

THE INNOCENTS
THE INNOCENTS: Den fyrste traileren for «The Innocents» som vart spelt inn i Modalen er no klar. (Foto: Netflix)

I fjor haust spela Netflix inn storsatsinga «The Innocents» i Modalen. No er fyrste filmtraileren klar.

Stine Strand Carlsen Ingvild Siglen Berger

I oktober i fjor kom filmgiganten TrueNorth til Modalen for å spela inn si nyaste seriesatsing for Netflix.

«The Innocents» har mellom andre Guy Pearce i hovudrolla, kjend frå filmar som «Memento». Skodespelarane Percelle Ascott (Wizards vs. Aliens) og Sorcha Groundsell (Clique) speler òg i serien, som skal gå over 8 episodar.

The Hollywood Reporter skriv at serien handlar om kva som skjer då tenåringane Harry (Ascott) og June (Groundsell) rømmer frå familiane sine for å leva saman.

– Dette er nok det største internasjonale tv-prosjektet på Vestlandet nokosinne, sa Sigmund Elias Holm, leiar i Vestnorsk filmkommisjon, til Hordaland før filminnspelinga skulle byrja i haust.

No er altså den fyrste «teaser-traileren» for serien klar, der ein mellom anna kan sjå glimt av Mofjorden. Etter det Hordaland erfarer kjem serien ut i mai. 

Du kan sjå filmtraileren over, eller opna den i Youtube her.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.