annonse

– Sjansen min for å verta vald inn er vel 50-50

HEIMEKOSELEG
HEIMEKOSELEG: Då Nils T. Bjørke røysta på Bjørgum skule måndag, var det ingen annan enn kona Brynhild Tennebekk Bjørke (bak) som kryssa han av i manntalet og stempla røystesetelen hans. (Foto: Rolf Tepstad)

– Men same kva som skjer, så tek eg det med stor fatning, seier Nils T. Bjørke.

Rolf Tepstad

– Korleis er magekjensla?

– Magekjensla er god, for partiet sin del. Senterpartiet kjem til å gjera eit storarta godt val. Men om det vert godt nok til at eg får stortingsplass, skal vel mykje til, seier han nøkternt.

Nils T. Bjørke har som kjent 2. plassen på Hordaland Sp si valliste, bak Kjersti Toppe.

– Ute etter oss

– No i valinnspurten har me òg merka kor viktig det har blitt for andre parti å prøva å ta oss. Gode målingar har gjort oss spesielt utsette for angrep frå alle hald, så dét har vore ei interessant oppleving, synest Bjørke.

– Men heldigvis har alle slike angrep vorte elegant turnerte, me har stått på vår politikk, den som har gjeve oss framgangen me opplever.

I vallokalet på Bjørgum skule møtte han forresten henne som har sett lite til han siste vekene. Kona, Brynhild Tennebekk Bjørke, er nemleg del av røystestyret i Bjørgum krins. Nils trong såleis ikkje legitimera seg noko vidare før røysting!

– Men har ein lov å stemma på seg sjølv, spør ei røyst frå sidelina, der Bjørgum skulen sine elevar får sjå korleis eit val føregår. Spørsmålet vert stilt av Andrea Salbu frå 7. klasse.

– Ja, i eit val som dette kan ein stemma på seg sjølv, seier Nils T. Bjørke, og stadfestar at han nok har gjort akkurat dét.

Praktisk arbeid

– Eg såg forresten på fjernsynet i dag tidleg, der to rikspolitikarar fortalde om kva vanskeleg dag dette var for dei, og korleis dei sleit med å få tida til å gå. Dét problemet har i alle fall ikkje eg, seier Nils T. Bjørke.

Når me møter han i vallokalet nokre minutt etter klokka 13 valdagen, har han akkurat måtta riva seg laus frå gardsarbeidet.

– I føremiddag har eg drive på med å skifta motor på ei appetittfôringsvogn i fjøset. Skal kyrne få mat, er det viktig at den vogna går som ho skal. Så dét har hatt fyrsteprioritet så langt i dag. Sidan vert det Bergen, og valvake på Comfort Hotel Holberg i Strandgata utover kvelden og natta, kan Nils T. Bjørke fortelja.

– Skulle eg koma på Stortinget, vert det ei ny og veldig spennande røynsle. Skulle eg ikkje koma inn, er det òg heilt greitt. Eg har uansett rikeleg å gjera her heime, både på garden, i kommunepolitikken og i fylkespolitikken. Men at dagen i dag er ekstra spennande for meg, det skal eg ikkje nekta for!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.