annonse

Sjur fekk positive svar

UTE
TILBAKE: Det gjekk ikkje heilt som Sjur Røthe hadde håpa på opninga. Men Tour de Ski er langt, og han har mange sjansar att. (Foto: Arne Brunes/arkiv)
KLAFF
KLAFF: Erling Fagerbakke Fosse overraska med 29. plass. (Foto: Arne Brunes)

Sjur Røthe opna med god gjennomføring. Erling Fagerbakke Fosse overraska.

Ørjan Brattetveit

Sjur Røthe har slite med både rygg og hofte, og han stod over fyrste rennet på Beitotølen fredag. Sundag var han derimot på plass på 15 km skøyting. Han gjekk i mål på 6. plass.

– Kroppen fungerte bra. Så eg fekk positive svar. Eg gjekk eit jamt løp med lik fart omtrent frå start til mål. Det var ei god økt, seier Sjur Røthe, som ikkje har kunna trena hardøkter fram mot sesongopninga.

Simen Hegstad Krüger vann 15 km med tida 32.59,5. Røthe var 42,6 bak. men slo favoritten Martin Johnsrud Sundby.

Ikkje til Finland

Vossingen reiser ikkje med landslaget til verdscupopninga i Finland.

– Eg blir på hytta på Sjusjøen og trenar. Så skal eg gå verdscupen på Lillehammer. Der er det m.a. duatlon på programmet – og eg håpar å vera i skikkeleg slag til då, seier vossingen. Med ein god verdscup på Lillehammer, vil han vera i OL-rute.

Sundag vart Vebjørn Turtveit, Voss IL, nummer 26. Han var 2.12,0 bak vinnaren.

Alt klaffa

Erling Fagerbakke Fosse, Voss IL, gjekk inn til 29. plass. Han vart tredje best av klubbløparane, men var nok den som var mest nøgd.

– Løpet var veldig bra. Eg synest alt klaffa. Det er veldig moro å få til ein så god start på seniorkarrieren, seier Erling Fagerbakke Fosse. Han var 2.23,7 bak vinnaren.

Dei store måla til Fagerbakke Fosse denne sesongen er noregscupen og NM.

Hans-Inge Klette vart nr. 112.

Karoline nr. 25

Vargarløpar Karoline Simpson-Larsen gjekk sundag inn til 25. plass på 10 km skøyting for kvinner senior. Ho var 3.14,9 bak vinnaren Marit Bjørgen.

Emma Skjoldli, Bulken gjekk sprinten laurdag. Ho vart nummer 42 på prologen. Dei 30 beste gjekk vidare til kvartfinalen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.