annonse

Sjur nr. 10 i Falun

TOPP 10
TOPP 10: Sjur Røthe vart nr. 10 under 15 km klassisk i Falun laurdag. (Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix/Arkiv)

Laurdag var det tid for 15 kilometer i klassisk med fellesstart for menn under sesongavslutninga i Falun.

Ingvild Siglen Berger

Sjur Røthe gjekk ut med startnummer 39 på brystet og låg litt bak i feltet ei stund. Han gjekk seg etter kvart bra opp.

Det vart russisk siger for Alexandr Bolsjunov, som tok 1. plassen føre svenske Calle Halfvarsson og italienske Francesco de Fabiani.

Martin Johnsrud Sundby vart beste nordmann. Like bak kom Niklas Dyrhaug og Sjur Røthe. Det var såpass jamt at plasseringane måtte avgjerast med målfoto.

Røthe vart nummer 10.

– Det er gledeleg, han gjev me godkjent, sa NRK sine kommentatorar Jann Post og Torgeir Bjørn etter skiløpet.

I morgon er det 15 km jaktstart med fri teknikk. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.