annonse

Skal du over fjellet i dag?

HARDANGERVIDDA
HARDANGERVIDDA: Biletet er frå Skulevika onsdag i 8-tida. Det er mykje vind på fjellet, melder Vegtrafikksentralen. Alle fjellovergangane i sør er opne. (Foto: Statens vegvesen)

Slik er køyreforholda på fjellovergangane i sør.

- Det er førebels ikkje veldig mykje trafikk over fjellet. Sjølv om onsdag før påske eigentleg er vanleg arbeidsdag fram til 12 for dei fleste, kan det sjå ut til at mange har teke tidleg ferie. Me ser at det har vore jamn utfart over fjellet sidan før palmehelga, seier Morten Hansen i Vegtrafikksentralen.

Forventar ein topp i ettermiddag

Onsdag morgon er alle fjellovergangane i sør opne.

- No vert det spennande å sjå korleis det vert utover dagen. Me trur i alle fall at me vil få ein ny «topp» med bilar utpå ettermiddagen.

Det er ikkje meldt om nokre problem på fjellovergangane i morgontimane onsdag, men Hansen opplyser at det er ein god del vind.

- Det er bra med vind på fjellet, særskilt på Haukelifjell der det er kuling onsdag morgon, seier han.

Slik er status på dei ulike fjellovergangane:

Onsdag føremiddag:

Hardangervidda: Open. Vekslande bart og vått, snø- og isdekke. -3 grader, svak vind og middels snøbyer.

Sjå oppdatert melding her.

Hemsedalsfjellet: Open. Snø- og isdekke. -3 grader, flau vind og middels snøbyer.

Sjå oppdatert melding her.

Aurland-Hol: Open. Vekslande bart, snø- og isdekke, somme stader redusert sikt på grunn av snøføyk. 0 grader, laber bris og snøbyer.

Sjå oppdatert melding her.

Filefjell: Open. Snø- og isdekke. -4 grader, laber bris og lette snøbyer.

Sjå oppdatert melding her.

Haukelifjell: Open. Snødekke, -1 grad, liten kuling og snø.

Sjå oppdatert melding her.

Vikafjellet: Open. Snø og isdekke, -1 grad, laber bris og snøbyer.

Sjå oppdatert melding her.

Køyr forsiktig!


Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.