annonse

Skapte ny videoløysing for aktivitetar

AUSTLENDING PÅ VOSS
AUSTLENDING PÅ VOSS: Rune Aspvik har starta Voss Media House saman med Rune Antonsen. Det var vindtunellen som var utgangspunktet deira. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
ENKELT SYSTEM
ENKELT SYSTEM: Camera Vision er heilautomatisert og skal gjera heile videoprosessen enklare. Rune Aspvik viser korleis det fungerer. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
10.000 ARMBAND
10.000 ARMBAND: Voss Media House har nett bestilt 10.000 nye armband og 500 som er til gjenbruk for profesjonelle flygarar. Gjenbruksarmbanda vil dei ha fleire av. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
I VINDTUNELLEN
I VINDTUNELLEN: Aspvik er ein habil vindtunellflygar, er på landslaget i ei grein og har vore instruktør for Voss Vind, som testar programvara til Voss Media House. (Foto: Privat)

Rune Aspvik byrja å flyga i vindtunellen på Voss. Der såg han behovet for ei ny videoløysing.

Ingvild Siglen Berger

Austlendingen starta difor Voss Media House i november saman med Rune Antonsen frå Eikelandsosen. Selskapet er mellom dei 20 nye føretaka frå Voss som vart registrerte i Brønnøysundregisteret i februar.

– Me er eit IT-firma som har utvikla ei programvare som me kallar for Camera Vision. Det er eit automatisk videobehandlingssystem for aktivitetsarenaer som til dømes vindtunellen, men også skianlegg, klatreparken, rafting og så vidare, fortel Aspvik.

Det heile starta likevel som ein tanke for vindtunellen.

– Det var her eg jobba, og eg såg behovet for ei betre løysing. Før var systemet heilt manuelt med tre videokamera og null kamera til berre foto, seier Aspvik.

Heilautomatisk

Tidlegare vart det gjort opptak av heile gruppa som fauk i vindtunellen på same tid, uavhengig om dei kjende kvarandre. Så vart videoen delt ut til dei som ynskte han.

– Det var greitt nok då, men no kjem det nye personvernreglar i mai. Då hadde det gamle systemet uansett ikkje fungert, fortel austlendingen.

Slik det fungerer no, i alle fall spesifikt for vindtunellen, så får kvar person sitt id-armband som dei aktiverer sjølv føre dei skal flyga. Vidare vert video frå fem kamera og foto frå eit kamera automatisk registrert på armbandet til den enkelte, og når ein er ferdig å flyga set programmet automatisk saman klippa frå ulike vinklar av alle flygeturane til ein personleg video med intro, «outro» og musikk.

– Når ein kjem ut av tunellen, tek ein sjølv valet om ein vil kjøpa videoen og få den tilsendt på e-post. Ein av hovudtankane bak er å gje instruktørane meir tid med kundane, forklarar Aspvik.

Filmane vert òg finna på medieportalen til selskapet ein gong i framtida, der dei etter kvart vil samla fleire aktivitetsarenaer og samstundes gjera det enkelt for folk å henta fram sine videoar og dela dei med andre.

– Litt som ein privat Youtube, seier Austlendingen.

Brakk ryggen

Han har fire års bakgrunn frå Forsvaret, der interessa hans for fallskjermhopping kom.

– Etter kvart byrja eg å bruka meir tid på hoppfeltet enn militærbasen. Så eg sa opp jobben i Forsvaret, og valde å hoppa på heiltid i to år. Eg jobba som instruktør og filma, så eg var involvert med video og bilete alt då, fortel Aspvik.

Fyrst var han instruktør i Oslo fallskjermklubb på Rena, og etter kvart vart det turar til Voss for instruktørjobbar her. Fyrste gong han prøvde vindtunell var i USA, men då vart han ikkje biten av basillen.

– Det var mykje vanskelegare enn fallskjermhopping, så eg hadde ikkje tru på det. Men så brakk eg ryggen i ein fallskjermkrasj i USA. Det var heilt sjølvforskyldt, eg dreiv å øvde på konkurranselandingar på eiga hand, fortel Aspvik.

Til Voss Vind

Etter ulukka kunne han ikkje hoppa fallskjerm på nokre månader, og etter kvart vart han lokka med i vindtunellen att av ein kompis.

– Då var det gjort, og eg bestemte meg for å driva med det. Eg ringde Voss Vind ein gong i månaden og sende søknadar utan særleg hell.

Som om det ikkje var uflaks nok å brekkja ryggen, gjekk reiseforsikringa hans ut to dagar før ulukka. Sjukehusrekninga i USA kom på 260.000 kroner. Aspvik fekk utvida bustadlånet sitt, men etter kvart kom den gledelege meldinga om at sjukehuset hadde funne ein rabatt som gjaldt han. Attpåtil dekka den norske fallskjermforsikringa hans ein del av rekninga.

– Eg følte nesten at eg hadde «vunne» dei 200.000 eg hadde fått utvida bustadlånet med. Dei var alt på konto, så eg bestemte meg for å reisa til Voss og satsa alt. Målet var å få jobb hjå Voss Vind innan pengane var vekke, og etter eit års tid med flyging kvar månad fekk eg til slutt jobb her. Eg flytta på dagen, fortel Aspvik.

«Laga noko smart»

Sidan september 2014 har han budd på Voss, og jobba både som instruktør og med IT for Voss Vind, før han og makkaren starta Voss Media House. 3. februar i år vart den aller fyrste videoen sendt ut til ein kunde.

– Eg har forsøkt fleire gonger før å komma på ein ide, og har tenkt «no skal eg laga noko smart». Men i vår situasjon kom ideen då behovet oppstod, fortel Aspvik.

Tilfeldig nok har Antonsen ganske lik bakgrunn som Aspvik, både med tanke på namn, begge har jobba i Forsvaret og som instruktørar for Voss Vind.

– Antonsen slutta der då eg byrja. Då kunne eg berre ta over alt som det stod «Rune A.» på, ler Aspvik.

Sjølv har han ikkje noko utdanning innan IT, medan Antonsen har bakgrunn innan data og jobbar i firmaet «Norbits».

– Men eg har alltid vore interessert, og medan andre spelte dataspel på ungdomsskulen så lagde eg dei. Eg har berre lært det, fortel Aspvik.

Stadig utvikling

I tida framover håpar han dei får testa programvara hjå fleire aktørar på Voss. For fyrst og fremst vil dei ha på plass eit ordentleg godt produkt.

– Me har ein ganske enkel forretningsmodell, der me vil leiga bort programvara gratis og berre ta betalt per video som vert seld, fortel Aspvik.

Han meiner det er perfekt å halda til på Voss med alle aktivitetane i bygda, og fortel at Voss Resort er ein av aktørane dei har dialog med om mogleg framtidig samarbeid. Sidan oppstarten har dei investert alt dei kan av tid i firmaet, og elles 30.000,- for å starta AS. I fyrste omgang bestilte dei 1000 armband til testing, og no har dei bestilt 10.000 ekstra, i tillegg til 500 armband til profesjonelle utøvarar. Desse kan brukas om att.

– Me har også fundert på om det kan gå an å bruka klistremerke i staden for armband. Men gjenbruksarmbanda er uansett noko me vil satsa meir på, det handlar om å redusera plastbruk, seier Aspvik.

Positiv

Austlendingen ser positivt på framtida til Voss Media House. Snart er han og Antonsen i gong med å utvikla versjon to av programvara.

– Eg ser veldig lyst på det. Sambuaren min ser litt mørkt på det, for det er så altoppslukande. Det tek mykje tid. Men ut ifrå det eg har høyrt til no, så er folk nøgde og det ver veldig kjekt, avsluttar Aspvik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.