Tur til Yksendalsstølen
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
Her går Sindre Hydle (10) i mål etter ein kjempeinnsats i skicrossløypa.
Alle foto: Frode Rene
Publisert: 02.03.10 kl. 20.58
Skribent: Frode Rene
E-post: fr@avisa-h.no
110 born og ungdomar i alderen to til 16 år hadde ein draumedag i Årmotslia sundag.
For fjerde året på rad arrangerer Ørnar skicross for born og ungdom i alderen to til 16 år. Sundag var til saman 110 ungar i Årmotslia og kosa seg. Rennleiar Kolbjørn Sæten var godt nøgd med deltakinga, men vonar at endå fleire vil stilla til start neste år.
Ei av dei som gjekk løypa var vesle Mari Aaserød Berntzen (3,5) Etter fjerde runden var ho langt frå nøgd.
– Eg er ikkje ferdig enno, eg er ikkje ferdig enno, sa ho medan ho streva seg opp ein liten bakke i løypa. Bak gjekk smørjesjef, trenar og pappa Espen Berntzen for å motivera ho. Etter åtte rundar og minst ein time seinare, tykte Mari det var nok. Med «gullmedalje» rundt halsen, var det ei stolt frøken som sette kursen heim.
Sindre Hydle (10) fortel at han har vore i knallhard trening framfor skicrossen sundag.
– Sist torsdag gjekk eg 21 kilometer i Bømoen, fredagen 13 kilometer, medan eg laurdagen gjekk 13 kilometer att, fortel han. Han legg til at han har trena ein del for å gjera det bra i dette rennet.
Sindre susa over målstreken i rakettfart, akkurat som alle dei andre og er stornøgd med innsatsen sin.
Guro Tveito Øvsthus (12) har synt friske takter i vinter og var for så vidt nøgd med skicross-løpet sitt sundag òg.
– Eg greidde å hekta eine skia mi i ein stolpe, dermed tapte eg nokre verdfulle sekundar, fortalde ei smilande Guro etter løpet.
– Kva er kjekkast av skicross og langrenn, då?
– Eg likar best langrenn, men det er kjekt dette òg altså, legg ho fort til. Guro hamna til slutt på andreplass. Silje Fosse kom i mål tre sekund før Guro.
BOLSTAD: I alt 7,65 millionar er sett av til Øvstedalsvegen. Før neste sommar skal nytt, fast dekke vera på plass. / Les saka
VOSS: Fire entreprenørar har gjeve tilbod på kulverten i vestre ende av Vangstunnelen. NCC er klart lågast i pris. / Les saka
DALE: Ein eller annan gong i løpet av natta har einkvan teke seg inn på Camillas kro på Dale. Det er førebels ingenting som tyder på at noko er stole. / Les saka
BERGEN: Til helga vert Bryggen i Bergen fyllt av lekker lokalmat frå fylket. / Les saka
Modalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka
VOSS/HARDANGER: Utlendingar går på dørene og påstår dei sel Hardanger Bestikk. No åtvarar tradisjonsverksemda i Kinsarvik mot utanlandske seljarar som utgjev seg for å vera deira representant. / Les saka
Tips oss: 4747 1883
E-post: tips@avisa-hordaland.no
Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet
I høve Eksingedalsmarknaden var det fellestur til Øksendalsstølen. / Les saka
ULVIK (GALLERI): Gartnarskulen på Hjeltnes har frå i haust nytt namn, eit nytt studium, og som vanleg nye elevar. / Les saka
Finden er ein liten idyll på sørsida av Sognefjorden. / Les saka
Siste frå Voss
Trafikkulukke på LønoVOSS: Ein personbil køyrde av vegen på Løno onsdag kveld. Ein mann i 40-åra vart køyrd til sjukehus i ambulanse. / Les saka
Utbetrar ØvstedalsvegenBOLSTAD: I alt 7,65 millionar er sett av til Øvstedalsvegen. Før neste sommar skal nytt, fast dekke vera på plass. / Les saka Søk i avisene tilbake til 2004 Tips oss: tips@avisa-h.no Siste frå Granvin/Ulvik
Modalen 24 grader og nest bestModalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka
Åtvarar mot utlendingar med bestikkVOSS/HARDANGER: Utlendingar går på dørene og påstår dei sel Hardanger Bestikk. No åtvarar tradisjonsverksemda i Kinsarvik mot utanlandske seljarar som utgjev seg for å vera deira representant. / Les saka Siste frå Vaksdal/Modalen
Innbrot på Camillas kroDALE: Ein eller annan gong i løpet av natta har einkvan teke seg inn på Camillas kro på Dale. Det er førebels ingenting som tyder på at noko er stole. / Les saka
Modalen 24 grader og nest bestModalen er ikkje berre våtaste staden i landet. Måndag var bygdesenteret Mo også varmaste staden i landet, nesten. 24,0 grader synte den offisielle gradestokken på det meste. / Les saka |
Dette motivet er verdskjent; Stalheim Hotel, Jordalsnuten og Nærøydalen, / Les saka
Turen starta ved hytta ved Grånolten,om Torfinnsheim og over Torfinnsvatnet. / Les saka