MED VIDARE: Kari Traa er med vidare på eigarsida i Active Brands, sjølv om Oppkjøpsfondet FSN no kjem inn som majoritetseigar i selskapet. Og salet av Kari Traa-produkt stig no til himmels, både i Europa og USA.Arkivfoto: Vidar Herre

Skigutane og Kari Traa får ny eigar

Lokale skifolk hentar ut fleire titals millionar kroner.

Publisert 17.03.2017 kl. 16.14. Oppdatert kl. 16.52.

Active Brands, selskapet som eig både Åsnes, Skigutane og Kari Traa-merket, har fått ny eigar. Majoritetseigar Kjetil Holta har selt selskapet til oppkjøpsfondet FSN for 1 milliard kroner, melder Dagens Næringsliv.

- Berre positivt, seier skigut og gründer Hans-Engelsen Eide, som opplyser at han sjølv òg har vore medspelar i forhandlingane som ligg bak.

BERRE POSITIVT: - Ny eigar var heilt som venta, og eigarskiftet får ingen verknader for arbeidsplassane her lokalt, seier Hans-Engelsen Eide, som vil vera inne på eigarsida også heretter. Arkivfoto: Vidar Herre

Uendra for Voss

- Kva får nytt eigarskap å seia for verksemda her på Voss?

- Ingenting som helst, seier Hans-Engelsen Eide, som opplyser at det i augneblinken er godt 20 personar tilsett ved Skigutane sin gamle base på Tvildemoen. I tillegg er det ca tre årsverk ved Kari Traa-butikken på Vangen.

- Kva jobbar staben på Tvildemoen med, reint konkret?

- Funksjonane her på Voss er kundeservice, logistikk og Åsnes-biten av selskapet. I tillegg har me ein stadig aukande netthandel og noko it-arbeid her hjå oss, seier Eide, som opplyser at både han sjølv og Kari Traa har kontor i bygget på Tvildemoen.


Framleis medeigar

- Kva veit du om den nye eigaren?

- Det er eit stort føretak, styrt av gründeren Frode Strand-Nielsen, som med ca 25 tilsette mellom anna forvaltar store pensjonsfond. I tillegg kjøper fondet heile selskap, slik dei no har gjort med Activ Brands AS.

At selskapet vart selt, kom heller ikkje som noko overrasking på Hans Engelsen Eide.

- Då Kjetil Holta kjøpte Skigutane i 2010, sa han at planen var å eiga og utvikla selskapet over ein femårsperiode, og deretter selja. No vart det altså sju år, i staden. Holta sjølv, som alle oss frå gamle Skigutane, er elles med vidare på eigarsida. Så heller ikkje på dét punktet er det noko dramatikk i eigarskiftet.

Holta, som før eigde 68,2 prosent av selskapet, har no selt seg ned til 20 prosent. Eide eigde tidlegare 6,6 prosent, og sit etter salet att med ein eigardel på 1 prosent. Pluss ein pen slant pengar i handa!


Henta ut millionar

- Dagens Næringsliv skriv at ditt personlege utbyte av handelen ligg på 65,3 millionar. Er dét sånn circa korrekt?

- Det er vel nærmast matematikk, ut frå salssummen på 1 milliard. Men altså: ein god del av pengane er reinvestert i selskapet, understrekar Eide.

Utbytet for andre kjende namn i handelen er: Øyvind Lauritzen 85,7 mill kr, Bjørn Dæhlie 29,8 mill kr, Kari Traa 27,5 mill kr, Erik Hegbom 18,8 mill kr og Therese Johaug 10,3 mill kr. Stadig ifylgje Dagens Næringsliv.

I tillegg til Åsnes, Bula og Kari Traa-produkt, har Active Brands kjende merkevarer som Dæhlie, Johaug, Sweet Protection og Vossatassar under paraplyen sin.


Snart 1 milliard

Rekneskapstala for Active Brands vitnar elles om ei rivande utvikling. Frå ei omsetning på 320 mill kr i 2013, hadde selskapet 402 mill kr i 2014 og 628 mill kr i 2015, ut frå rekneskapstala i Brønnøysundregistera.

- I 2016 passerte me 800 millionar i omsetning, der kring 100 millionar var reint overskot, seier Eide til Hordaland.

- Og det stoppar ikkje der, for utviklinga framover kan bli endå meir eventyrleg. Kari Traa-produkta er akkurat no i ferd med å ta skikkeleg av både i Europa og USA. Dersom det kjem endringar her lokalt framover, vert det dermed i form av endå fleire tilsette ved avdelinga her på Voss, trur Hans Engelsen Eide.