annonse

Skredkurs i fjellet i helga

SAMORDNA INNSATS
SAMORDNA INNSATS: Rask og samordna innsats er heilt avgjerande når skredet har gått. Hjelpekorpsa trenar ofte og mykje, både åleine og saman med dei andre innsatsledda. Her er Voss Røde Kors hjelpekorps i trening. I helga er dei i aksjon att. (Foto: Kay Roger Ringheim/Arkiv)

Fredag til sundag vert det skredkurs- og øving i Voss Resort.

Siri Flatlandsmo

– Dei som er oppe i anlegget vil sjå at det er mykje folk med Røde Kors-vestar, seier Bodil Reime Sørlie.

Denne helga arrangerer Røde Kors til kurs Redning Skred på Voss. Og på sundag vert fleire instansar blanda inn i ei storstilt øving.

Kurset finn stad i Voss Resort.

Denne store øvinga finn stad på sundag. Då kjem Norske Redningshundar, Røde Kors, Helse Bergen ambulanse, politiet, Voss brann og redning og Voss Resort er involvert.

– Me øver for at me skal verta betre. Og for å testa responstida og at alt fungerer som det skal, forklarar Reime Sørlie.

På kurset er det påmeldt 26 deltakarar. Målet er å læra opp nye Røde Kors-folk og nokon frå Sivilforsvaret, gjennom litt teori og mykje praksis. På øvinga på sundagen kjem det til å vera rundt 45 menneske i aksjon.

Det vil altså verta ei aktiv helg i Voss Resort, med mange oransje vestar.

– Men folk treng ikkje uroa seg, seier Bodil Reime Sørlie.

Ho legg til:

– I utgangspunktet, i alle fall. Men plutseleg kan det jo koma eit skred ...

Då vil i alle fall hjelpa vera veldig nær.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.