annonse

Skumparty

ALT GÅR RETTE VEGEN
ALT GÅR RETTE VEGEN: «Ungdommen har slutta mest å røykja og drikka, ingen dreg til sjøs, ingen slåst og ingen skulkar skulen», skriv Kvitanesen. (Foto: Vidar Herre)

No skal det festast utan skjenk på 16. mai, men med skum. Herada i Indre Hardanger har hatt alle over 14 år på fest i Kinsarvik.

Sidan­ ingen har drukna, må me rekna med det har gått fint. Det er slutt på dravle og rjommagraut, no skal det vera glutenfritt og grisafritt. Alle skal med!

Alt går berre rette vegen no. Ungdommen har slutta mest å røykja og drikka, ingen dreg til sjøs, ingen slåst og ingen skulkar skulen. Korleis skal det gå?

Om kveldane går ingen ut. Dei sit åleine inne i myrke rom og sender fjes til einannan. Rare, gule rundingar med augo på stilk, av og til med horn i skallen, andre gonger med ei sur lippa på skrå. So tek dei seg ein slurk grøn te, et glutenfritt brød og set seg på golvet med beina i kross og armane krøkte på ryggen. Dei kallar det jåga, har eg høyrt.

Om dagen sit alle på skule­benken med rak rygg og langt silkehår. Dei gjer som læraren seier og læraren gjer som rektor seier og rektor gjer som fylkesopplæringssjefen seier. Han blar i tabellar og fyller ut skjema og reiser på kurs i nymotens leiing og er aldri der om Per slår seg på kneet eller Anne slår opp med Hans.

Tala styrer skulen. Og det gjer ikkje vondt å verta talt. Men det gjer ikkje mykje godt heller. Dei vil vita kor mange som har slutta, kor mange som er mobba og kor mange som ikkje seier eit ord. Det er omtrent like mange som det har vore i alle år, men ingen får trøyst av å vera del av ein statistikk.

Det er sogningane som har det best og gjer det best. Elevane­ gjer som læraren seier og foreldra sit heime og nikkar til alt godt skulen finn på.

So kjem statsråden på vitjing og alt er godt som Gud og Siv har skapt i Sogn inkludert at Fylkesmannen må vera i Leikanger all sin dag.

For dersom sogningane får det som dei vil, høyrer me ikkje mykje frå dei. Då kokar dei syltetøy på harde livet med masse sukker og sender det austover gjennom svarte hol i fjellet slik at det kjem ut att som heimalaga.

I Hardanger er det skumbad som gjeld, utan bunad og blygsel.

Kvitanesen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.