annonse

Sleppte ned 90.000 liter vatn

SKOGBRANN:
SKOGBRANN: - Eg ser skogbrannen i fjellet over Kaland, nabogrenda til Djønno, sa Jorunn Hanto-Haugse måndag. (Foto: Jorunn Hanto-Haugse )

Brannen i fjellsida nær Djønno er sløkt.

Marita Saue Hamre

– Brannsjef Egil Holven opplyste at helikopteret gav seg i 22-tida måndag, seier Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.

Brannvesenet har hatt folk på staden i heile natt for å observera.

– Det blir ei ny vurdering på føremiddagen om ein skal halda fram med helikopter, eller ikkje, fortel Villanger.

I løpet av nokre timar sleppte helikopteret ned 90.000 liter vatn for å få sløkt brannen.

– Etter erfaring kan det fort skje at brannen blussar opp att, difor har me mannskap på staden som tek fortløpande vurderingar.

Nær eit hyttefelt

Brannen skal ha starta rundt 300–400 meter frå eit hyttefelt, og brannvesenet frykta at brannen skulle spreia seg.

– Det gjekk heldigvis bra med hyttefeltet, og brannmennene gjorde ein god jobb, seier Villanger.

Ingen i hyttefeltet vart evakuert som fylgje av brannen.

Fekk klarsignal

BKK fekk klarsignal til å slå på straumen over høgspentnettet att i 18-tida måndag.

– Vatnet som er sleppt ut frå helikopteret ser ut til å ha effekt på brannen, melde dei då.

Brannen vart då avgrensa til eit lite område.

– No får me håpa at vêrgudane er med oss, og at det byrjar å regna i området, seier Villanger.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.