annonse

Slik blir bilen din av alt saltet

RUSTA
RUSTA: Dagleg leiar på Voss Bilpleiesenter får dagleg inn bilar som er råka av rust på grunn av saltet på vegane. (Foto: Marita Saue Hamre)

Behandling, vedlikehald og vask er nøkkelorda for å unngå rust.

Marita Saue Hamre

På Bilpleiesenteret Voss AS får dei stadig inn fleire bilar som har rusta.

– Det er på grunn av den saltlaken dei hiv ut på vegane, seier dagleg leiar på Bilpleiesenteret, Hans Inge Opheimsvangen.

Opheimsvangen fortel at det er mogleg å redda bilen litt, men ikkje heilt.

– Dersom det er kome rust på bilen, så er det mogleg å forlenga levetida på bilen medan rusten et seg berre lenger og lenger inn på bilen.

Tips

For at bilen din ikkje skal rusta vekk i vinter har Jon Geir Rio, dagleg leiar på Bilskadesenteret Voss AS, nokre tips.

– Det er viktig at bileigarane vaskar bilen sin. Sjølv om bilen kan sjå skiten ut med ein gong etterpå, så hjelper vasken slik at saltet ikkje festar seg like godt, fortel Rio.

Han råder alle som har ny bil om å ta ei understellsbehandling slik at bilane er betre rusta for vinteren. I tillegg er det viktig med vedlikehald av bilen.

– På bilane no er det mykje plastikk og lister, så saltet festar seg typisk på slike plassar. Difor er det viktig å ha godt vedlikehald.

Rio fortel vidare at ideelt sett så skulle ein ha vaska bilen sin ein gong i veka, men skjønar at det kan bli vanskeleg for mange.

RUSTSKADE
RUSTSKADE: Etter all saltet i vegbanen er det ofte understellet og på hjula rusten set seg. Foto: Marita Saue Hamre

– Folk har ikkje tid til det, men eg ville i alle fall vaska bilen min ein gong i månaden.

Det blir anbefalt å ta ei understellsbehandling av bilen, same om det er ny eller gammal bil.

Konsekvensane av saltinga

På grunn av all saltinga langs vegane på vinterstid, ser Rio ein klar auke av rust på bilane.

– Kombinasjonen av auka saltbruk, og med dårlegare behandling av bilane frå fabrikkane, er med på å øydeleggja bilane.

Han fortel at kombinasjonen er uheldig.

– Rusten går verst utover karosseriet, men angrip òg bremsane og understellet på bilen. Og det kan gje katastrofale utfall, dersom det ikkje blir sjekka i tide.

Før i tida var det meir rust på bilane som gjekk i Bergen enn dei som gjekk på Voss og ute i distrikta, men no er det ingen forskjell lengre. Det er like mykje salt og rustangrep på bilane på Voss, seier Jon Geir Rio.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.