annonse

Slik blir vêret i haustferien

HAUST
HAUST: Vêret blir så som så i haustferien med noko regn, og litt sol. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

Starten blir noko våt, men utover veka ser det bra ut.

Marita Saue Hamre

Fredag og laurdag startar haustferien for mange med regnbyer, og med temperaturar som går nedover gradestokken.

– Det blir færre regnbyer utover laurdagen, men det kan koma snø ned mot 500 til 700 meter over havet, seier meteorolog Gunnar Livik hjå Vêrvarslinga i Bergen.

Nattefrost

Meteorologen ber folk vera merksame på nattefrost i helga.

– Det er fare for nattefrost natt til sundag, så folk som skal ut og køyra må vera forsiktige, oppmodar Livik.

Det er venta kvite toppar rundt Voss laurdag føremiddag.

– På sundag kan det vera fint å gå seg ein tur i opphaldsvêr, trur meteorologen.

Mildare og fuktigare

Det blir mildvêr og regn i starten på haustferie-veka, med byer fram til onsdag føremiddag.

– Det blir regn og vekslande vêr fram til onsdag, i alle fall.

Frå midten av veka er det grunn til å tru at vêret blir betre.

– Onsdag ettermiddag, torsdag og fredag ser det bra ut, førebels. Det blir lite nedbør og milde temperaturar.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.