annonse

Slik vil Voss og Bergen ha OL

OL-JUBEL
OL-JUBEL: Håvard Holmefjord Lorentzen tok gull og sylv i Gangneung Oval under vinter-OL i Pyeongchang. Blir det OL på Vestlandet i 2030? (Foto: Lise Åserud/NTB Scanpix)

Paralympiske leikar skal gå samstundes som OL, konkurranseprogrammet skal kuttast, VIP-kostnadene skal bort og etterbruken av anlegg og infrastruktur til 10–15 milliardar kroner skal sikrast.

Ørjan Brattetveit

Idrettens Olympiade AS presenterte i dag sine planar for OL på Voss og i Bergen i 2030, under tittelen «Eit annleis OL». Det skjedde i Norheimsund, der Hordaland Idrettskrets har krinsting.

– No håpar me å få tilbakemeldingar om kva idretten meiner om planane, og om korleis me skal gå vidare med arbeidet for å få vinterleikane, seier Olav Farestveit til Hordaland.

Farestveit er styreleiar i Idretten Olympiade AS, som er eigd av idrettsråda på Voss og i Bergen.

OL på rett spor

I presentasjonen «Eit annleis OL» tek initiativtakarane utgangspunkt i at IOC (Den internasjonale olympiske komite) har undergrave omdømmet sitt i Noreg gjennom sløsing, høg VIP-faktor og føremoner for ein elite.

– Skal me laga eit OL her, er føresetnaden at me må få OL på rett spor. Difor må me laga eit annleis OL som har høg etisk standard, og som er på idrettens og folkets premiss. Utan dette, vil me ikkje gå inn for eit nytt OL i Noreg.

Og OL-entusiastane meiner det er gode grunnar for at Voss og Bergen skal ta på seg denne oppgåva.

– Det er neppe nokon som har betre føresetnader for å ta på seg dette arrangementet. Begge stadene har topp kompetanse på å gjennomføra store idrettsarrangement og store folkefestar. Dessutan er det Vestlandet sin tur til å arrangera OL.

Dette skjer på Voss

På Voss vil utøvarane vera i aksjon i Bavallen, Myrkdalen og i Voss ski- og tursenter. Og i Prestegardsmoen, der curling etter planen skal føregå.

– Det er tankar om å byggja kunstisbane i Prestegardsmoen. Vert det OL, må det byggjast ishall her, slik at curling vert arrangert på Voss.

I Voss ski- og tursenter er det langrenn og skiskyting på programmet.

– Her må ein oppgradera teknisk anlegg og publikumsfasilitetar.

I VM-arenaen Myrkdalen skal freestyle gå av stabelen. Medan alpint vert delt mellom Bavallen og Myrkdalen.

– Det store spørsmålet er utfor og Super-G. Det kan vera mogleg å få dette til i Myrkdalen.

Arena Bergen

Håvard Holmefjord Lorentzen skapte OL-feber i Bergen ved å ta Noregs fyrste gull på 500 meter på skeiser sidan 1948. Og Bergen er planlagt arena for hurtigløp i 2030.

– Då må det byggjast innandørsbane på Slåtthaug. I Bergen skal det også føregå ishockey, og det er planar om stor byarena for is og andre idrettar. På Slettebakken, der Bergenshallen ligg, må det byggjast ny hall. Også Laksevåg er tiltenkt ishall. Alle desse utbyggingsplanane eksisterer uavhengig av OL-planane. I tillegg vil det koma ein ishall i ein av omlandskommunane.

– Hallane må byggjast som fleirbrukshallar, slik at flest mogleg får ta del i etterbruken, seier Farestveit.

I Bergen er det planen at det også skal arrangerast bob, aking og skeleton. Her må det byggjast nytt anlegg.

– OL vert ei gåve til idretten å Vestlandet som vil få ei kraftig oppgradering av anlegg.

Sogn blir med

Voss og Bergen vil også ha med Sogn som arena for leikane. I Vik ser ein for seg at delar av skiskyttarprogrammet vert halde. I Sogndal er det tanken at kortbaneløp på skeiser og kunstløp vil gå av stabelen. Her er det då behov for å byggja ishall.

Også andre delar av landet vert med som OL-arena.

– Der det ikkje ligg til rett for etterbruk lokalt, vil me samarbeida med andre stader.

– Hopp, og dermed kombinert, vil ikkje føregå på Vestlandet. Det vil ikkje bli snakk om å byggja store og dyre hoppbakkar her. Dermed vil desse konkurransane føregå i Holmenkollen, Vikersund, Lillehammer eller i Trondheim.

Paralympisk

Idrettens Olympiade vil at paralympisk skal starta samstundes med OL, og vera ein sentral del av heile arrangementet.

– Dette er eit prinsipielt standpunkt for å auka statusen til paralympisk og heile OL. Dette gjev betre utnytting av anlegg og organisasjon og reduserer kostnadene.

I samband med PL og OL skal idretten jobba for folkehelseperspektivet.

– Me vil organisera «Heile Noreg på snø og is», og me vil ha «Vinterleikar for born» i forkant av leikane.

10–15 milliardar

– Alle investeringar i anlegg og infrastruktur vil vera tilpassa dei lokale og regionale behova. Før- og etterbruk er det viktigaste grunnlaget for planlegginga. Førebels reknar me med at samla investeringar vil liggja på mellom ti og 15 milliardar kroner.

Gjennomføringskostnadene av leikane er rekna til å verta 10 milliardar kroner.

– Gjennomføringskostnadene vert dekka av IOC. Og god planlegging og ny teknologi kan redusera kostnadene.

Idrettens Olympiade brukar ingen offentlege kroner i arbeidet med OL-planen så langt.

– Me nyttar berre sponsormidlar. Me definerer gjestekapasiteten og lagar fest for dei som kjem, seier Farestveit.

Om leikane kjem til Vestlandet, vil det truleg vera med leikar med færre konkurransar enn dei siste åra.

– Talet på øvingar har nesten vorte dobla sidan Lillehammer. Dette kan ikkje halda fram. Me må avklara med idretten og IOC om kva øvingar som skal arrangerast, og også om det skal setjast grenser for talet på deltakarar.

Også når det gjeld tilreisande og publikum, vil arrangøren ha rett dimensjonering av leikane.

– Me vil ha fulle tribunar og ein stor folkefest. Samstundes vil ny medieteknologi gjera at mange vil få ei mykje betre oppleving av leikane på skjerm enn i dag. Medieteknologien vil truleg gjera at pressa har mindre behov for å vera på arenaene. Noko som vil tyda mindre behov for store provisoriske anlegg for media.

K5

Utbygging av K5 mellom Bergen og Voss er heilt avgjerande for OL-planane.

– Transport inn til landet og i Bergen, ser bra ut. Me me må K5 Bergen-Voss, og det er trong for utbetringar internt på Voss og i Sogn. Med kortare reise mellom Voss og Bergen, er det lettare for presse, publikum og andre å pendla. Slik utnyttar me fasilitetar som finst i Bergen, og me dermed ikkje treng byggja på Voss.

Idrettens Olympiade meiner OL vil gje positive ringverknader for reiseliv og anna næringsliv på Vestlandet.

– OL vil kunne bli eit utstillingsvindauge for reiselivet. Og OL vil ha behov for å utvikla nye løysingar på fleire felt. Dette vil gje næringslivet i regionen høve til å vera med i fronten av utviklinga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.