annonse

Sløkte grasbrann på Tvildemoen

FLAMMAR
FLAMMAR: Måndag kveld tok det fyr i skogen ved Tvildemoen. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
RYKTE UT
RYKTE UT: Mannskap frå Voss Brannvern sløkte flammane. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
KØYRDE FORBI
KØYRDE FORBI: Sara Kristine Fjellhaug (12) gjorde det einaste rette og melde ifrå til naudetatane då ho såg røyken. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Forbipasserande melde frå om gras- og krattbrann ved Tvildemoen måndag kveld.

Ingvild Siglen Berger

Brannvesenet på Voss og ein politipatrulje rykte ut til brannstaden, i skogen like ovanfor rv. 13 dersom ein køyrer inn eine grusvegen frå Tvildesvegen. 

Der fekk brannvesenet raskt kontroll på flammane. Då brannen var sløkt kunne ein sjå at omkring eit halvt mål var vekke. 

– Dette kunne teke seg skikkeleg opp dersom folk ikkje hadde vore observante, seier Erik Rogne, utrykkingsleiar på staden. 

– Ver forsiktige

Det er for tidleg å seia kva som var årsaka til flammane, men det er generelt turt i området.  

– Det er grasbrannfare no, så me vil oppmoda alle til å vera forsiktige med grilling og open eld, seier Rogne. 

Brannen vart meldt klokka 18.17. 

Brannvesenet dreiv ei stund ettersløkking på staden. 

Melde frå

Både turgåarar langs rv. 13 og bilkøyrande kunne sjå brannen. 

Sara Kristine Fjellhaug (12) var på veg heim i bil til Skulestadmo med mamma Tove då ho oppdaga røyken.

– Eg såg det og me melde ifrå med ein gong, fortel ho. 

Politiet kjem ikkje til å oppretta sak på brannen, fortel Bjørn Inge Aarsand hjå Voss lensmannsdistrikt. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.