annonse

Sløste med målsjansane

TØFF KAMP
TØFF KAMP: Voss måtte jobba og slita under bortekampen mot Årstad i Haukelandshallen tysdag kveld. Vossadamene tapte til slutt med fem mål. Ingeborg Almeland Tveit (biletet) spela ein god kamp og scora seks mål i kampen. - Ho er ein viktig spelar for oss, seier trenar Erik Blindheim. (Foto: Ørjan Brattetveit)
Kampfakta | Årstad - Voss

Voss sløste med målsjansar og tapte med fem mål borte mot Årstad tysdag kveld. Trenaren ser likevel lyst på haustsesongen.

- Me jobba og sleit gjennom heile kampen, men bomma for mykje. Hadde me sett fleire av sjansane kunne resultatet sett annleis ut, seier trenar Erik Blindheim.

Tysdag kveld spelte Voss sine handballdamer bortekamp mot Årstad i Haukelandshallen. Voss leia fyrste halvdel av fyrste omgang.

- Men så byrja me å bomma og sløser vekk mange målsjansar, seier Blindheim.

I staden kontrar Årstad og Voss vert hengande bakpå resten av kampen.

- Det er strevsamt å heile tida liggja to eller tre mål bak, seier Blindheim.

På slutten av kampen rykkjer Årstad ifrå. Kampen endar til slutt 29-24 til heimelaget.

- Me skulle ha scora meir, men alt i alt synest eg likevel me leverer ein grei prestasjon, seier Blindheim.

Betre samspel

Handballdamene har ting å jobba med framover.

- Me må verta meir samspelte. Me må også setja fleire målsjansar, seier Blindheim.

Men trenaren ser likevel lyst på haustsesongen. Nytt golv i idrettshallen gjev gode treningsforhold og med meir trening trur Blindheim at Voss kan gjera det bra utover hausten. Positivt er det også at Ingeborg A. Tveit er tilbake på laget.

- Ho scorar mange mål og er ein spelar som betyr mykje for oss, seier Blindheim.

Målet denne sesongen er å ikkje rykkja ned.

- Me håpar å kunna stabilisera oss på midten av tabellen, seier Blindheim.

Unge spelarar

Voss har mange unge spelarar i stallen denne sesongen, fem av dei er berre 16 år.

- Dei unge er på veg opp og fram. Dei treng tid på å utvikla seg. Eg har trua på at me med tida kan byggja opp eit veldig godt handballag på Voss, seier Blindheim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.