annonse

Snø- og isdekke i september

SNØ
SNØ: På Hamlagrø låg det nysnø i vegen måndag morgon. (Foto: Sondre Skjoldli)
FINT
FINT: Vinteren har alt sett spor i fjellet i slutten på september. (Foto: Sondre Skjoldli)

Dersom du skal over fjellet, bør du ha vinterdekka på.

Marita Saue Hamre

Klokka 05:20 måndag var det tre minusgrader ved Dyranut på riksveg 7 over Hardangervidda.

Nokre timar seinare er det vekslande bart og snøføre.

– Me oppmodar om å ha på vinterdekka på når ein skal over fjellet. Det kan sjå ut til å vera bart og fint vêr nokre stader, men vêret skiftar fort på fjellet, seier trafikkoperatør Albert Sherington ved Vegtrafikksentralen.

Kaldt i fjellet

På riksveg 13 over Vikafjellet var det ei minusgrad, og laber bris med lette snøbyer måndag.

Over Hemsedalsfjellet på riksveg 52 var det seks minusgrader, frisk bris og snøbyer klokka 07:30 måndag.

– Me byrjar å få inn meldingar om snø og glatt køyrebane på dei fleste fjellovergangane i Sør-Noreg, seier Sherington.

Glatt på Hamlagrø

Også dei som skulle over Hamlagrø i morgontimane vart møtte med nysnø.

Bileta Hordaland har fått syner fint vêr og snø.

– Det var fint, men glatt i vegbana, seier Sondre Skjoldli som køyrde over Hamlagrø på veg til jobb.

Fristen for å leggja om til vinterdekk er 1. november. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.