annonse

Snorklypp og smil i Ulvik

KLYPTE SNORA
KLYPTE SNORA: Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen skar over bandet med bunadskniven sin. Der sa han den «nye» vegen for opna. (Foto: Sigrid Seim)
I MARSJ
I MARSJ: Slik såg toget i Ulvik anno 2017 ut. Framfor flaggborga fotograferer syriske Hasiba Alawad. (Foto: Sigrid Seim)
PÅ SJUKEHEIMEN
PÅ SJUKEHEIMEN: Anette Lønnqvist (til v.) og Vivan Hakestad gler seg over nasjonaldagen på Ulvik sjukeheim. (Foto: Sigrid Seim)

Barnetoget i Ulvik stoppa opp for å få tid til snorklypp på vandringa dette året.

Sigrid Seim

I Ulvik feira 17. mai-toget at det er bygd fortau langs Tyssevikvegen, som saman med ny asfalt er vorte klar til bruk rett før nasjonaldagen. Ranja Børilden Sjøvold og Steinar Bergo i 17. mai-komiteen saman med ordføraren stod klar med nasjonalfarga band som dei heldt over vegen.

Toget stoppa opp, det vart spelt fanfare, før ordførar Hans Petter Thorbjørnsen sa den «nye» vegen for opna. Han brukte bunadskniven sin til å skjera over bandet, og toget kunne vandra vidare mot sjukeheimen.

– Eg er så glad

I overskya vêr vandra det lange toget med korpsmusikk og hurrarop den vante ruta. Ved start var syriske Hasiba Alawad ei av mange som fotograferte ivrig deltakarane i toga. Ho har budd i Ulvik i tre år, og hadde fem festkledde born med i toget.

– Eg er så glad for at dei er med i toget, seier ho, og forsikrar om at dagen skal feirast med is og kake seinare.

Attende er like langt

Ved sjukeheimen vart det ein kort pause, med musikk og utdeling av roser til dei som bur der. Vivan Hakestad var ei av dei som fekk, og som smilte blidt til folkemengda og musikken.

Toget snudde og gjekk same ruta attende, for å enda på skuleplassen. Her venta meir musikk, helsingar og talar.

Klikk for å se kommentarer ()