annonse

Søkjer rådmann for Voss herad

SØKJER
SØKJER: Voss og Granvin søkjer rådmann til det nye heradet. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

No søkjer Granvin og Voss etter prosjektleiar som skal byggja nye Voss herad.

Rolf Tepstad

– Samarbeidsorientert, løysingsfokusert og samlande. Dette er dei tre sentrale honnørorda, når kommunane Voss og Granvin no søkjer etter ein prosjektleiar som kan leia arbeidet med å byggja det nye Voss herad.

Prosjektleiaren skal rapportera direkte til Fellesnemnda for den nye kommunen og skal i tillegg jobba tett med dei noverande rådmennene.

Det ligg likevel i korta at den tilsette prosjektleiaren tek over som rådmann for Voss herad frå nyttår 2020.

I utlysingsteksten som no står å lesa både på Voss kommune og Granvin herad sine heimesider, vert det opplyst at personen ein er på utkikk etter har høgare utdanning, solid leiarerfaring og dokumenterte resultat.

– Me ser det som ein føresetnad at aktuelle kandidatar har god forståing for samspelet mellom politikk, fag og administrasjon, vert det elles understreka. Søknadsfrist for stillinga er 5. november 2017.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.