annonse

Spektakulær opning av EM i kroppsflyging

VEGGDANS
VEGGDANS: To elevar frå Voss folkehøgskule firte seg ned langs veggen på vindtunnelen, og utførte ein slags veggdans for publikum. (Foto: Marita Saue Hamre)
VELKOMEN
VELKOMEN: Konferansierane Jan Fredrik Karlsen og Kari Traa underheldt og informerte om arrangementet som er det fyrste i sitt slag. (Foto: Marita Saue Hamre)
PUBLIKUM
PUBLIKUM: Fleire hundre tok turen for å få med seg opninga av EM i kroppsflyging ved Voss Vind onsdag kveld. (Foto: Marita Saue Hamre)
ENDELEG
ENDELEG: Desse tre damene har jobba spesielt mykje dei siste tre åra for å få arrangert EM på Voss. (Foto: Marita Saue Hamre)
VOSS VIND
VOSS VIND: Over 160 utøvarar frå 18 nasjonar skal konkurrera i tre dagar i vindtunellen. (Foto: Marita Saue Hamre)
NOREG
NOREG: Utøvarane frå Noreg som skal konkurrera i EM i kroppsflyging. (Foto: Marita Saue Hamre)

Fleire hundre tok turen til Voss Vind under opninga av europameisterskapet i kroppsflyging.

Marita Saue Hamre

Det heile starta med eit tog av utøvarar som blei leia av to traktorar der konferansier Kari Traa og Jan Fredrik Karlsen stod høgt i lufta på ei traktorskuffa, etterfylgt av alle utøvarane.

– Denne opningsseremonien skal ikkje vera ein heilt vanleg tradisjonell opning. Her på Voss gjer me det på vår eigen måte, ynskte Traa velkomen.

Og Karlsen la til:

– Ja, hjarteleg velkomen til tidenes fyrste europameisterskap i kroppsflyging, og velkomen til Voss.

Dei kunne fortelja at etter tre år med planlegging og arbeid fekk dei endeleg ynskja velkomen til meisterskapet.

– Me er over 160 utøvarar frå 18 land, og det er heilt fantastisk, fortalde Karlsen entusiastisk.

Dans, musikk og fyrverkeri

Og det var sant at det ikkje vart ei vanleg opning. Etter at konferansierane hadde sagt velkomen og informert litt, så introduserte dei alle utøvarane.

– Desse tre dagane kan de sjå fleire av verdas beste flygarar – ta godt imot dei.

Ole Bull Akademiet stod for underhaldning med folkemusikk og dans på traktortilhengjaren. Det var fleire musikalske innslag med fela, gitar og song frå toppen av taket på vindtunnelen.

– Og no må de sjå opp på toppen av vindtunnelen, og fylg nøye med, sa Traa.

Nedover veggen kom to unge menn som er elevar ved Voss folkehøgskule, og gjorde ein slags veggdans i tau.

I løpet av 45 minutt hadde publikum blitt underheldt frå start til slutt med forskjellige innslag med lift, traktorkøyring, talar og fyrverkeri.

Konkurranse i tre dagar

Arrangementet går over tre dagar, og utøvarane skal konkurrera i fire forskjellige greiner. Kort og kjapt fortalde Traa kva utøvarane skal konkurrera i vindtunnelen.

– Kort samanfatta skal utøvarane konkurrera i formasjonsflyging, vertikal flyging, freestyle og dynamisk flyging, sa Traa.

– De publikumarar må komma og sjå for dette vil de ikkje gå glipp av, la Karlsen til.

Og med tidenes opningsseremoni onsdag kveld er EM i kroppsflyging offisielt opna på Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.