annonse

Spenning for Breivik på vippen

VALVAKE
Valvake: Terje Breivik med sider frå Hardanger i glaset er her på veg inn til valvake for Venstre på Cafe Opera. – Dette kan gå vegen, seier han. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Terje Breivik trivst på vippen i politikken. I kveld går det mot ny periode på Stortinget.

Ørjan Brattetveit

– Dette er skikkeleg spennande. No er me på vippen av sperregrensa. Det er lov å håpa på 7–8 mandat, seier Terje Brevik til Hordaland i 22-tida måndag. Men han la til:

– Det kan også enda med berre to.

– Og er du klar for ny periode på Stortinget?

– Kjem me over sperregrensa, trur eg at eg er inne. Kjem me under, er det verre. Det kan vera med utjamningsmandat, seier Breivik.

Gode prognosar

Han var bra nøgd med prognosane.

– Det har gått betre for oss dei siste vekene, seier han.

Litt før kl. 23 var Breivik endå meir optimistisk. Venstre låg då på 4,1.

– Akkurat no er eg inne, men natta er lang, seier Breivik til Hordaland før han tok mikrofonen og takka venstrefolket for ein svært god valkamp.

– Eg har vore med på nokre valvaker før, så eg tek ingenting på førehand. Men dette vert uansett langt betre enn det såg ut til for kort tid sidan.

Rulleski og middag

Venstre hadde valvake på Cafe Opera i Bergen. Stemninga var spent, men optimistisk til den fyrste prognosen frå TV2 vart vist kl. 21.00. Men 1. kandidat Terje Breivik var ikkje til stades då.

– Eg sjekkar inn på hotellet og er der snart, sa Brevik til Hordaland på mobil like før 21.00. Han kom frå heimbygda Ulvik, der han starta dagen med ei økt på rulleski før han røysta og laga middag til familien, før han køyrde til Bergen.

Livleg valvake

– Jaaaa! jubla venstrefolket då dei borgarlege hadde 91 mot 76 mandat. Venstre låg akkurat over sperregrensa på 4 prosent og med sjanse for sju kandidatar.

Kl. 21.30 var stemninga noko uviss. Tala viste Venstre like under sperregrensa og med berre to mandat.

Like etter kom Terje Breivik til Cafe Opera. Og stemninga stod i taket.

– Terje! Terje! Terje! ropa venstrefolket.

Og Brevik smilte og skåla med sider frå Hardanger. Breivik vart valt inn på Stortinget i 2013. Før det var han partisekretær i Venstre frå 2005. Han har også vore ordførar i Ulvik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.