annonse

Spraya med pulver

VOSS: Natt til 1. nyttårsdag kom politiet over nokre ungdommar nær parkeringshuset på Voss, som spraya utover bakken med pulver frå eit brannsløkkingsapparat. – Politiet sprang etter ungdommane, fortel operasjonsleiar Hans-Erik Thue i Vest politidistrikt. Politiet går ut frå at ungdommane hadde teke apparatet frå parkeringshuset. Dei noterte personalia på dei unge sprayarane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.