annonse

Stadig fleire reiser med Vossebanen

MEIR TRAFIKK:
MEIR TRAFIKK: I perioden 1. januar til 30. april registrerte NSB 309.350 passasjerar mellom Bergen–Voss–Myrdal. Her frå Myrdal stasjon. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Vossebanen mellom Bergen–Voss–Myrdal hadde åtte prosent fleire reisande fyrste delen av 2018, samanlikna med same perioden året før.

Geir Geitle

Det er nye oversikter frå NSB som viser dette.

I fyrste tertial, det vil seia i perioden 1. januar til 30. april, registrerte NSB 309.350 passasjerar mellom Bergen–Voss–Myrdal.

7,5 prosent fleire reisande

Regiontoga på Bergensbanen mellom Oslo og Bergen hadde 7,5 prosent fleire reisande fyrste tertial 2018, samanlikna med 2017.

Totalt er det registrert 350.990 passasjerar mellom Oslo og Bergen i perioden.

Vekst på landsbasis

Også på landsbasis veks trafikken med toga, men litt mindre enn i vårt distrikt.

Etter å ha talt opp dei fire fyrste månadene i året, viser tala at NSB Persontog i Noreg totalt har 6,8 prosent fleire reisande enn på same tid i fjor.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.