annonse

Stadig trafikkauke over Hardangerbrua

FEM PROSENT AUKE
FEM PROSENT AUKE: 670.000 køyretøy hadde køyrt over Hardangerbrua ved sist oppteljing. Det er meir enn 5 prosent auke i høve til i fjor. No manglar det berre 30 bilar pr døger på å nå det oppsette målet. Men framtida er usikker. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Også dette året har trafikken auka om lag fem prosent over Hardangerbrua. Men endra takstar kan krympa inntektene for bruselskapet, spår dagleg leiar Einar Lutro.

Sigrid Seim

Den siste månaden er ikkje talt med, men då november var omme hadde over 670.000 bilar køyrt over brua i 2017. Så langt hadde trafikkauken samla sett vore på 5,5 prosent, samanlikna med det førre året.

– Det ser me på som veldig tilfredsstillande, seier Lutro.

Etter fire heile driftsår ligg dei no tett oppunder trafikkprognosane som vart lagt til grunn for vedtaket om å byggja bru med bompengefinansiering. Dei fyrste åra låg dei som mange vil hugsa under prognosane, og i prognosane er det rekna inn ein auke i trafikken på éin prosent årleg.

Oppe på 99 prosent

– Me har rekna oss til at me treng fire-fem prosent auke kvart år, for å kunna betala brua i rett tid. Dei siste åra har me hatt over fem prosent auke.

Med trafikken som er registrert til no dette året, har det passert 2008 bilar kvart døger. Då manglar det 30 bilar i døgeret for å nå det oppsette målet. I prosent ligg dei no på 99 prosent av prognosen.

– Men det er mange usikre faktorar framover, presiserer Einar Lutro. Han tenkjer på ukjente rentevilkår, ein raskt aukande elbilbruk, og trafikkhindringar når ras eller vegarbeid stengjer vegar.

Tala viser at av hundre bilar over brua er minst fire av dei elbil, som ikkje betalar bompengar. I fjor var 3,37 prosent av bilane såkalla miljøkøyretøy.

Slår saman

Bompengeinnkrevjinga skal i nær framtid omorganiserast. Det regionale Sør Vest Bompengeselskap skal overta for dei mange lokale selskapa, der Hardangerbrua er eitt av dei. Styresmaktene ynskjer nye rabattsystem, som aukar kostnadene for mange trafikantar.

– Sjølv om det er tanken at inntektene våre skal vera uendra, vil dei samla sett gå ned, meiner Einar Lutro.

Staten har sett av 500 millionar kroner i kompenssjonsmidlar. Bruselskapet har søkt, og fått lovnad om tilskot som tilsvarar ti prosent av inntektene deira. Men vilkåret er at dei då godtek det nye takstregulativet.

Endringar neste år?

– Det er styret for Hardangerbrua som er ansvarlege for økonomien og takstane no, og det er dei som eventuelt skal søkja om ei endring. Så langt har me ikkje vilja søkja om dette, me vil heller venta, og overlata det til dei nye eigarane.

– Kva tid vil dette skje?

– Alt er forseinka, dette har vorte utsett til utpå nyåret. No står saka hjå eigarane, der fylket har godteke vilkåra, medan kommunane i Hardanger og Voss seier nei til omlegging av rabattordningane. Då skal det truleg forhandlast om dette, men eg vil tru det vil verta endringar i løpet av neste år, seier han.

– Me er inne i ei fin utvikling no. Omlegginga vil forstyrra dette og ha negative konsekvensar for selskapet, meiner Einar Lutro.

Bruselskapet har løyve til å krevja inn bompengar i 15 år, og brua skal då etter planen vera nedbetalt i løpet av 2028.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.