annonse

– Stanghelle er beste staden

STANGHELLE
STANGHELLE: Det er best for elevane både frå Dale og Vaksdal at modulskulen vert liggjande på Stanghelle, meiner ordførar Eirik Haga. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

+ Skulefagleg kjem plasseringa på Stanghelle klart best ut, meiner ordførar Eirik Haga (Ap).

Jan-Egil Dyvik

– Me har brukt tida godt til å reflektera over innspela som er komne, seier ordførar Eirik Haga, i ein kommentar etter formannskapsmøtet måndag, der politikarane sette punktum for saka.

På Stanghelle kan ein utnytta ledige spesialrom og ledig kapasitet på ein god måte. Her er eit godt opparbeidd uteområde, som vil vera etterlengta for elevar både frå Dale og Vaksdal.

Kravet til universell utforming er varetatt i eksisterande bygg, seier Haga.

– Bergen skyssar sine

– Ei delt løysing mellom Vaksdal og Dale vil vera klart best med tanke på å unngå skyss, vedgår ordførar Haga.

Det er også peika på kommunar som vil unngå å skyssa elevar.

– Eg vil peika på at i Bergen har ein drive og skyssa elevar på kryss og tvers gjennom gatene i byen – ja, ein har til og med skyssa barnehageborn til mellombels barnehage på Askøy – i buss. Elevar ved Damsgård skule skal skyssast i seks år, understrekar han.

Tek opp fleire aspekt

Det har også vore hevda at dalingar ikkje har erfaring med skyss.

– Men då vil eg minna om at 1/3 av borna i barnehagen på Stanghelle er born som bur på Dale, seier han.

Når det gjeld kostnadene er det vorte presentert tal frå interessegruppa som skal visa at ei delt løysning er billegare enn det som er vedteke – med å plassera modulskulen på Stanghelle.

– I administrasjonen sine tal er sjølvsagt momsen med. Det er ikkje teke med i interessegruppa sine tal.

– Eit anna viktig aspekt har vore forholdet mellom drift og investering. Her sprikjer praksisen frå kommune til kommune. Det gjer også råda frå GKRS, organisasjonen for God KommuneRekneskapsSkikk.

Det er også reist spørsmål om behovet for reguleringsplan i Sandliane, og det skal me ikkje ta for lett på, meiner Haga. Fylkesmannen og særleg NVE vil nok ha eit ord med i laget, trur han.

Beste løysinga

Rambøl sine tal er ein kalkyle, det vil seia at ein veit ikkje kostnaden før ein har vore i marknaden og fått tilbod, påpeikar Haga.

– Rambøl har erfaring frå mange liknande prosjekt og byggjer sine kostnader på mange faktorar. Dei tala som pressgruppa har presentert er utarbeidde i nært samarbeid med ein som arbeider hjå ein potensiell leverandør. Eg meiner det verkeleg er grunn til å stilla spørsmål ved akkurat det, understrekar Haga.

Ein veit ikkje sikkert om ein samanliknar eple med druer når ein ser på interessegruppa sitt prosjektdokument og det Rambøl har kome med, hevdar Haga.

– Difor stemte eg for alternativet med å plassera modulskulen på Stanghelle. Det vil gje ei god løysing fyrst for borna frå Dale, deretter for borna frå Vaksdal, meiner Haga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.