annonse

Stanghelle kan verta dramatisk endra

Slik vil det sentrale Stanghelle kunna ta seg ut kring 2040, dersom den nyss presenterte moglegstudia vert realisert. SKISSE
Slik vil det sentrale Stanghelle kunna ta seg ut kring 2040, dersom den nyss presenterte moglegstudia vert realisert. SKISSE: ASPLAN VIAK
Stanghelle, slik det kan verta sjåande ut. SKISSE
Stanghelle, slik det kan verta sjåande ut. SKISSE: ASPLAN VIAK

3000 nye fastbuande på Vaksdal, 3000 nye på Stanghelle og 1000 nye på Dale. Dette var nokre av hovudpunkta då Asplan Viak tysdag presenterte moglegstudiet for Vaksdal kommune etter K5-utbygginga.

Rolf Tepstad

- Spennande vyar, men eg trur nok ikkje at det vert akkurat slik, lydde ordførar Eirik Haga sin fyrste kommentar.

- Men uansett, i kveld lar eg alle motførestillingar liggja. I kveld vil eg berre lytta og lata meg riva med.

Grønt ljos frå Sponheim

Fylkesmann Lars Sponheim var også til stades på møtet, som samla minst 125 interesserte i Samfunnsalen på Stanghelle. Han syntest òg planane var spenstige, og understreka at det er stor trong for bustadbygging også austover frå Bergen, om den kalkulerte folketalsauken i regionen skal få seg tak over hovudet.

- Og overfor gode prosjekt langs den nye Bergensbanen vil det vera fritt fram for bygging. Feel free, sa Sponheim, til applaus frå salen.

Nyvakkert på Stanghelle

Det er ikkje minst dei store steinmassane som skal takast ut ved tunneldrivinga som opnar store moglegheiter for nytt byggjeland. 20 millionar kubikkmeter stein skal ut, tilsvarande steinmassen i åtte Cheops-pyramidar!

- I prinsippet kan alt dette dumpast i sjøen. Men mykje betre vil det vera om steinen kan nyttast til utvikling av gode bumiljø i tettstadene langs jernbanen, sa Sponheim. Særleg på Stanghelle vil det kunna skapast spennande løysingar gjennom utfylling, og i salen var det mange som fekk bakoversveis då dei såg perspektivskissene Fredrik Barth frå Asplan Viak presenterte.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse