annonse

Stanghelle opp denne helga

START
START: Starten går like ovanfor E16 på Helle, mellom Stanghelle og Dale. (Foto: Privat)
MÅL
MÅL: Slik ser det ut i målområdet, etter rundt to km og 400 høgdemeter. (Foto: Privat)
OPP
OPP: På veg til Hellesætra. (Foto: Privat)

Mange bygdelag har sine eigne motbakkeløp, og Stanghelle har også sitt eige komande laurdag – til Hellesætra.

Jan-Egil Dyvik

– Det er tredje gongen me har dette. Fyrste året var Storafjellet målet, men i fjor og i år er det Hellesætra, fortel leiar i Stanghelle IL, Kenneth André Sandvik.

Sjølve løpet er rundt to kilometer langt og har ein høgdeskilnad på om lag 400 m.

– Me vil gjerne ha så mange deltakarar som mogleg, og dermed har me laga til både eit motbakkeløp og ein familietur/mosjonsløp i eitt og same arrangementet, understrekar Sandvik.

Starten går der skogsvegen opp til Hellesætra starar, rett over parkeringsplassen på Helle ved E16. Over 100 løparar var med i fjor, og me håpar på endå fleire i år, seier Sandvik.

Rekorden mellom dei som konkurrerer har Margrete Terjesen med 21,15 og Dag-Henry Nilsen på 17,06.

I år vert det delt ut premiar til 1., 2. og 3. plassen i konkurranseklassen.

– I tillegg har me trekning av gåvekort i mosjon- og konkurranseklassen, fortel Sandvik.

Alle borna som deltek er med i trekninga av turutstyr og ei overrasking frå den lokale butikken på Stanghelle.

Kvelden vert avslutta med at «Rakkadeis» spelar opp til dans på skulen.


Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.