annonse

Stans i tunellarbeid på E16

FLENJATUNNELEN:
FLENJATUNNELEN: I løpet av sommaren tek fleire arbeidarar ferie, og tunellar på E16 vert open heile døgnet. (Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen)

I løpet av sommaren vert det stans i arbeidet i fleire tunellar på E16.

Marita Saue Hamre

I dei fleste tunellane som er under opprusting på Vestlandet blir det stans i arbeidet nokre veker i sommar.

Arbeidet i Gudvanga- og Flenjatunnelen vert avslutta 12. juli.

Det startar opp att måndag 5. august.

Ifylgje Vegvesenet vert det òg stans i arbeidet i Langhelle-og Beitlatunnelen i Vaksdal kommune.

Les òg:

Der stansar dei arbeidet klokka 05.30 laurdag 6. juli.

Fyrste stenginga etter ferien vert måndag 29. juli.

Arnanipatunnelen langs E16 i Bergen kommune vert det ferie frå fredag 5. juli til måndag 29. juli.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse