annonse

Starta undersøkingar langs E16

RAS
RAS: Multiconsult starta nyleg undersøkingar som eit av dei fyrste ledda i arbeidet med å sikra strekninga Arna-­Stanghelle mot ras. Biletet frå raset ved Boge på E16 er brukt som illustrasjon. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Multiconsult er i gang med undersøkingar som eit av dei fyrste ledda i arbeidet med å sikra strekninga Arna-­Stanghelle mot ras.

Ingvild Siglen Berger

Multiconsult skriv i ei pressemelding at dei no har starta innleiande geotekniske grunnundersøkingar på strekninga, på oppdrag frå Statens vegvesen.

Dei fyrste geotekniske undersøkingane omfattar informasjon om djupn til berg og motstand i jorda. Hilde Sunde Tveit, gruppeleiar for Geo i Multiconsult Bergen, omtalar oppdraget som komplekst og noko som krev solid geoteknisk fagkunnskap og forståing.

– Me er difor utruleg stolte av å kunna hjelpe til på eit av dei største samferdselsprosjekta på Vestlandet i nyare tid, seier ho.

Kartleggja

Prosjektet er eit samarbeid mellom Vegvesenet og Bane Nor, og undersøkingane skal gjerast over ein periode på sju veker frå midten av oktober til desember,

– Me har akkurat sett i gang etter framdriftsplanen. Arbeidet handlar om å kartleggja grunnforholda, som gjev grunnlag til å finna gode løysningar på potensielle utfordringar, uttalar Sunde Tveit.

Dette skal igjen danna grunnlag for det vidare arbeidet.

Viktig arbeid

Dei innleiande undersøkingane inneber boring av 333 totalsonderingar, opptak av 33 prøveseriar, nedsetjing av ni piezometer og boring av sju CPTU. Ved fleire punkt skal det altså takast opp prøvemateriale til analyse av jordsmonnet.

– På strategiske punkt vert det sett ned piezometer for registrering av grunnvasstanden i området. Rassikringa av E16 er eit utruleg viktig arbeid som me håpar å kunna vera med vidare i prosessen med, avsluttar Sunde Tveit.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.