annonse

Startar kronerulling for aktivitetsparken

HER KJEM PARKEN
HER KJEM PARKEN: Her, midt i Prestegardsmoen, skal Voss Aktivitetspark byggjast ut. Frå venstre; Joar Wæhle, Torgunn Hegland, Pernille O. Mustad og Magnus Viken. (Foto: Stine Strand Carlsen)

Voss aktivitetspark skal byggjast ut. No frir prosjektgruppa til vossingane for å finansiera den nye samlingsstaden.

Stine Strand Carlsen

– Me håpar folk vil vera med å støtta denne flotte, nye samlingsstaden. Dette er ei vidareutvikling av treningsparken og pumptrack’en som alt ligg i området, og dette er eit gratis tilbod, som er tilgjengeleg for alle, seier aktørane i prosjektgruppa for det nye og moderne parkområdet i Prestegardsmoen.

Det aktuelle området er lokalisert mellom Voss Camping, utebassenget, Vangsvatnet og vidare mot utescena.

Ein generasjonspark

Det ligg føre store planar for aktivitetsparken.

Her er det lagt opp til rullepark, sandvolleyballbane, bocciabane, leikeområde, baderampe og eit stort amfi med mange sitjeplassar.

– Me kallar dette for ein generasjonsmøteplass, og det er lagt opp til at folk i alle aldersgrupper kan nytta området. Dette er ein nyskapande park som samlar all uorganisert aktivitet, og ein park som kan nyttast heile døgnet, og heile året. Me trur dette tilbodet vil slå godt an og gje heile vossebygda eit lyft, seier Joar Wæhle.

Pernille O. Mustad nikkar.

– Det er faktisk ikkje så mange samlingsstader her på Voss. Skal ein ut og leika med borna på ettermiddag til dømes, vert det ofte til at ein går i ein annan barnehage enn der borna går for å sleppa dei laus. Eg har stor tru på dette prosjektet, seier ho.

STORE PLANAR
STORE PLANAR: I Voss Aktivitetspark er det lagt opp til rullepark, sandvolleyballbane, bocciabane, leikeområde, baderampe og eit stort amfi med mange sitjeplassar. Informasjon om parken vert hengt opp rundt om i bygda. Foto: Illustrasjon, Østengen & Bergo AS

– Alle monar drar

Men – dette kjem ikkje gratis.

Prislappen på heile prosjektet er estimert til drygt 12 millionar kroner.

Det trengst difor ei omfattande kronerulling til for å få prosjektet i hamn.

– Me har alt fått dekka om lag 1,4 millionar av lokale bankar, fond, og liknande. Me held fram med søking av midlar, men frir også til lokale verksemder og privatpersonar for å få ballen til å rulla. Alle monar drar, og folk kan sjølvsagt vera anonyme om dei ynskjer det, seier Torgunn Hegland.

avisa-hordaland.no vil det liggja ute eit diagram, der du kan sjå utviklinga mot å nå målet.

– Eg trur dette vil vera med på å motivera folk til å bidra. Det vert spennande å sjå kor mykje som kjem inn, seier Wæhle.

Stort arbeid

Prosjektet rundt den nye samlingsstaden i Prestegardsmoen vart sparka i gang alt i 2013.

– Voss Kommune utarbeida ein reguleringsplan for strandareal langs Vangsvatnet i 2012. I denne planen er det avsett plass til friområde/festivalområde, nærmiljøanlegg og idrettsføre­mål. Prosjektgruppa «Voss Aktivitetspark» tok initiativet til eit arbeid med utforming og finansiering av ein aktivitetspark i dette området. Prosjektgruppa består av Voss Brettlag, Voss Freestyleklubb, Voss MTB-klubb, Ekstremsportveko og uavhengige eldsjeler.

I dag jobbar foreininga målmedvite med å utvikla området.

– Me har lagt stein på stein, og skapar resultat og aktivitet parallelt med vidare arbeid og planlegging. I 2016 fekk me realisert ein «pump-track» som trinn 1 i parken og våren 2018 vart det bygd treningspark i området nedanfor Voss Camping. Voss Kommune står som utbyggjar og har ansvar for vedlikehald av parken, medan me i foreininga tek oss av jobben med søknad om midlar, møte med referansegrupper og syter for framgang i prosjektet. Me har eit godt og tett samarbeid med kommunen.

GERILJAMARKNADSFØRING
GERILJAMARKNADSFØRING: Rundt om i bygda kan du finna informasjon om innsamlinga, på skateboard som skal hengjast opp. Foto: Stine Strand Carlsen

Mange ringverknader

Prosjektgruppa trur på mange store ringverknader som fylgje av utbygginga.

– Me veit at dette sentrumsnære anlegget vil gagna den uorganiserte aktiviteten og idretten på Voss, samt styrkja tilbodet til sentrumsutviklinga og reiselivssatsinga til Voss som destinasjon. Vidare vil det styrkja uteområdet og tilbodet til Voss Ungdomskule som vil vera nær nabo av anlegget. Ekstremsportveko, Voss Cup og andre arrangement vil også kunne nytta seg av anlegget til aktivitet og arrangement for ulike målgrupper og føremål under festivalen, seier Wæhle.

Våren 2018 var fundamentering og grunnarbeid til byggjetrinn tre fullført.

– Voss Kommune løyvde 250.000 kroner til planlegging av dette byggjetrinnet over budsjettet for 2019. Dette ser me på som svært avgjerande for at me skal få ei god gjennomføring av eit svært omfattande byggjetrinn. I januar 2019 hadde kommunen og aktivitetsparken eit møte med landskapsarkitektar for moglegheiter og framdrift. Aktivitetsparken kan nyttast av både skateboard, sparkesykkel, bmx/MTB-sykkel, trehjulssykkel og rullestolbrukarar. Dei kunne òg informera om at 90 % av alle ungdommar nyttar utstyr på hjul i kvardagen. Alt dette er svært lovande for eit rulleområde.

Håpar på støtte

Prosjektgruppa er for tida i møte med lokalt næringsliv, og Prenteverket har laga logo til Aktivitetsparken.

Datahove er også snart klare med nettside, og neste veke skal Front Film laga ein informasjonsfilm om det nye tilbodet.

No håpar prosjektgruppa på stort engasjement.

– Me har ei stor oppgåve framfor oss, og me søkjer breitt å engasjera lokalt næringsliv og innbyggjarar til ei kronerulling. Me håpar at vossingane vil vera med å støtta opp om dette viktige aktivitetsområdet. Slik kan ein også kjenna litt på eigarskapen til denne nye staden, som garantert kjem til å bli populær.

Neste vår?

– Og når kan arbeidet byrja?

– Det kjem an på kor mykje pengar som kjem inn, men me håpar å kunna setja spaden i jorda til våren.

Les òg:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse