annonse

Startar neste byggje­trinn ved Vøringsfossen

FOR TURISTANE
FOR TURISTANE: Vøringsfossen vert betre tilrettelagt. (Foto: Sigrid Seim)

I juli vert det fyrste byggetrinnet offisielt opna, medan neste steg på tilrettelegginga ved Vøringsfossen kjem i gang denne sommaren.

Sigrid Seim

Satsinga på Nasjonale Turistvegar held fram dette året, med ei foredling av opplevinga av Vøringsfossen mellom anna.

Dette er ein av ti spektakulære natur- og kulturattraksjonar som får eit lyft, opplyser turistvegseksjonen i Statens vegvesen i ei pressemelding. Sjølv om vassdraget er regulert, er Vøringsfossen framleis ein av dei mest besøkte naturattraksjonane i landet.

Det fyrste byggetrinnet gjev turistane ei luftig og sikker oppleving av fossen, dalen og fjella rundt. Fossli hotell får ein komplett attraksjon rett utanfor døra.

I 2018 vert arbeidet starta på den spektakulære trappebrua som skal binda Fossli og Fossetromma (aust og vest) saman.

Brua ligg oppstraums fossen og vil få tilkomst via ein utbetra kløvsti og ny tilkomstveg. Dette andre byggetrinnet skal stå klart til bruk til sommarsesongen 2020.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.