annonse

Statoil taper milliardar på Mongstad

VENTAR MEIR TRAFIKK
VENTAR MEIR TRAFIKK: Vegvesenet har opna båe køyrefelta ved rasstaden i Honveshangen på E16.

(NPK-NTB): Statoil har tapt 9,2 milliardar kroner på oljeraffineriet på Mongstad i Hordaland sidan 2009.

  • Www.avisa-hordaland.no Administrator

– Situasjonen på Mongstad er svært alvorleg, seier pressetalsmann Morten Eek i Statoil.

Det siste halvåret har selskapet forsøkt å få styresmaktene til å gi dei dei same konkurransevilkåra som konkurrentar i utlandet for at raffineriet kan drivast lønnsamt, melder Stavanger Aftenblad.

Det samla underskotet for Mongstad-raffineriet var på 4,5 milliardar kroner i 2009. Året etter gav drift og ekstraordinære nedskrivingar eit underskot på 3,5 milliardar kroner, viser tal frå Brønnøysundregistra.

Rekneskapen for 2011 er ikkje klart, men i 3. kvartal i fjor blei verdien av anlegget nedskrive med 3,1 milliardar kroner.

– Tapa har kome etter at økonomien i anlegget var veldig bra i åra frå 2000 og fram til 2008. I perioden 2004– 2008 var overskotet på nær 10 milliardar kroner. Situasjonen snudde med finanskrisa, seier pressetalsmannen.

Ifølgje Statoil er 8– 10 europeiske oljeraffineri stengt som følgje av dette.

– Prisane på råvarene våre har auka kraftig, medan prisen på produkta som går ut, som til dømes bensin og diesel, ikkje har gått opp, seier Eek.

I tillegg meiner selskapet at fleire skatte- og avgiftsreglar skaper ekstra utfordringar for Mongstad. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse