annonse

Statsbudsjettet stadfestar K5-sviket

SKUFFA OVER STATSBUDSJETTET
SKUFFA OVER STATSBUDSJETTET: Leiar for Voss Senterparti, Vidar Skeie, meiner at statsbudsjettet stadfestar at politikarane nedprioriterer K5. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

- Det vert budsjettert med smular til planlegging av K5, skriv Vidar Skeie.

Lokale tillitsvalde som trudde på valflesket frå sine eigne stortingskandidatar i Høgre og FrP, om at K5 skal ha byggestart i 2021/2022, kan kjenna på den harske fleskesmaken. Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2018 ikkje prioritera tap av menneskeliv Arna-Voss, og sviket frå Arna 28. februar og NTP vert stadfesta. Det vert budsjettert med smular til planlegging av K5. 59 millionar kroner vert det satt av til planlegging av fellesprosjektet E16/Vossebanen-Bergensbanen Arna-Stanghelle. For å samanlikna med eit prosjekt som står inne med oppstart i 2021/22, Ringeriksbanen og E16, får dei 576 millionar i planleggingsmidlar i 2018. Den som trur at K5 er ti gonger lettare å planlegge enn Ringeriksbanen/E16, tek feil.

14 nye Flirt-togsett på Gjøvikbanen og Vossabanen i 2018, kan avisa Hordaland melda. Eg skjønar at regjeringa vil pakka talet inn med Gjøvikbanen. Dei skal nemleg få 10 togsett til mai neste år, og då er det fire igjen. Korleis det skal vera straum til toga, når omformaren i Arna ikkje er klar er eitt anna spørsmål. Det same med kvar dei skal reparerast, for det er ikkje verkstad til Flirt-toga. Verre er det å få reservetog ettersom desse no er på anbud gjennom jernbanereformen, og dette er fri konkurranse.

Problemet for K5 i NTP er det same som no: Hordfast får òg planleggingsmidlar. Det er forståeleg at resten av landet ikkje vil prioritera K5. Ikkje eingong ein statsminister frå Hordaland greier å seie at liv og helse må prioriterast fyrst. Kor viktig er kritisk infrastruktur for veg og bane mellom Austlandet og Vestlandet, og liva til dei reisande Arna-Voss, når det er like viktig for Høgre og FrP i Hordaland å køyre i 110 km/t på bru Os-Stord?

Ulvik Venstre sin Terje Breivik, som tidlegare i år vart knebla av eige fylkesårsmøte, skal no forhandla statsbudsjett. Når alle sentralt i Venstre var strålande nøgde med NTP, kan ingen vera oppglødd for at Breivik skal få gjennomslag for K5. 

Me kan håpa på KrF og deira prioriteringar. Fylkesleiar Pål Kårbø har vore tydeleg på K5, òg som fylkesordførar. Deira representantar frå Vest-Agder og Rogaland KrF vert nok dessverre for sterke. Dei får, saman med Solvik-Olsen frå Bryne, firefeltsveg frå Oslo og heim gjennom vegselskapet Nye Veier AS, til 131 milliardar kroner. Og det utan nokon samfunnsøkonomisk analyse, KVU`ar eller kvalitetssikringar.

Valflesket til H/FrP redda mykje av stumpane i stortingsvalet lokalt, men det er knappe to år til kommune- og fylkestingsvalet. Til då får me sjå kva partia lokalt får gjennomslag for K5 i fylkes- og sentralledda. Voss Senterparti ligg godt an!

Vidar Skeie, leiar Voss Senterparti

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.