annonse

Stavenestunnelen opna igjen

TEKNISKE PROBLEM
Tekniske problem: Stavenestunnelen vart stengt fredag kveld. (Foto: Google Maps)

E16 har vore stengt to gonger i dag. No går trafikken som normalt.

Ørjan Brattetveit

– Stavenestunnelen er stengt på grunn av tekniske problem, melde Vegtrafikksentralen vest på Twitter klokka 19.48 fredag kveld.

Tidlegare i dag var E16 stengt nokre timar etter at ein bil vart treft av stein som rasa ut på E16 mellom Bolstad og Voss.

Årsaka til at tunellen i Vaksdal kommune vart stengt, var at ein syklist opphaldt seg inne i tunellen.

– Då me hadde fått kontroll på situasjonen, fekk me ikkje opp vegbommen igjen, men me satsar på opna tunellen om ein liten halvtime, opplyste trafikkoperatør Kjetil Larsen hjå Vegtrafikksentralen.

Klokka 20.50 melde Vegtrafikksentralen Vest at Stavenestunnelen var opna for trafikk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.