annonse

Stein på 500 kg i vegbana på E16

KNOLTATUNNELEN
KNOLTATUNNELEN: Det har komme steinar ned i vegbana på E16, men vegen skal no vera rydda. (Foto: Marita Saue Hamre)

Fredag morgon hamna fleire steinar i vegbana og i grøfta på E16.

Marita Saue Hamre
  • Sjur Tveito

Fredag morgon melde Vegtrafikken vest at det låg steinar i vegen på E16, vest for Knoltatunnelen i Voss kommune. 

Klokka 07.15 fortel vakthavande hjå Vegtrafikksentralen vest at entreprenør har vore der, og vegen skal vera rydda.

– Det meste av raset skal ha landa i grøfta utanfor vegbana, men det kom ein stein på 500 kg i vegen. Det må ha vore nærast som ein utgliding, fortel vakthavande hjå Vegtrafikksentralen vest.

Vegen er rydda

Førarar vart oppmoda om å køyra forsiktig då steinane låg i vegbana.

Knoltatunnelen ligg på E16 mellom Bulken og Evanger.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse