annonse

Steinar Nedkvitne (1962-2017)

LIVSGLAD
LIVSGLAD: Steinar Nedkvitne var ein livsglad person som skulle hatt mange gode år framføre seg. Her i eitt av sine rette element, på båttur på Hardangerfjorden. Steinar Nedkvitne døydde sist helg, 54 år gamal. PRIVAT FOTO

NRK-journalisten Steinar Nedkvitne er død, berre 54 år gammal.

Geir Geitle

Gjennom dei siste åra har han kjempa mot alvorleg sjukdom, og det var ufatteleg trist då meldinga kom om at livet var over sist helg.

Steinar Nedkvitne har vore ein livsglad humørspreiar, ein kjær venn og god kollega for mange. Steinar var ein person som det alltid skjedde mykje rundt. Det er mange som vil sitja att med ei mengde gode minne om denne glade guten og mannen.

SJØLV FEKK eg gleda av å verta kjent med han i ungdomen då me kom i samme klasse på Voss gymnas, og hadde felles tilhaldsstad langt bak i kroken ved vindauga.

Eit breitt smil var ofte hans kjennemerke.

Det var også hans kvite Volvo Amazon. Det skal nemnast at Amazonen hans stifta kjennskap med grøfta ein gong eller to, men elles var bilen eit kjent innslag i miljøet og eit ynda framkomstmiddel for alle i Steinar sin omgangskrins.

I 1983 fylgdest me til Sogndal, og eitt års studium på samfunnsfag på Distriktshøgskulen. Me fekk oss dubletthybel på Student- heimen, var unge og frie, og hadde heile livet framføre oss.

Me studerte ivrig på dagtid, og når me tok fri, sette me pris på eit omfattande uteliv og sosialt fellesskap, for å seia det fint. Året i Sogndal var eitt av mine beste, og ein stor del av æra skal Steinar ha som den rause og omgjengelege personen han var. Me er mange som aldri gløymer den fine tida me hadde saman i Sogndal.

Raspekakemiddagane våre er berre eitt av mange gode minne. Sjølv om me var to gutar ute på eventyr tidleg i livet, laga me oss skikkeleg mat. Det var litt typisk for Steinar, mykje moro skulle me ha, men ting skulle også vera skikkelege. Raspekakene inkludert vossakorv var fast innslag kvar veke.

Steinar vart verande i Sogndal i tre nye år, og gjekk vidare med lærarutdanning.

Deretter gjekk vegen hans vidare til Volda og journaliststudiar.

I DENNE PERIODEN hadde me gleda av ha Steinar tilbake på Voss som sommarvikar i redaksjonen i Hordaland. Då Steinar var ferdig med utdanninga, drog han austover til Oslo og Bærum, der han arbeidde i Tekst-TV i NRK gjennom fem år.

Sommaren 1995 fekk Steinar Nedkvitne tilbod om jobb som redaktør i Radio Voss og takka ja. Dermed flytta familien til Voss. Etter nokre år i den lokale nærradioen som då var på tampen av stordomstida, gjekk Steinar over til jobb i NRK Hordaland og pendla til Bergen, i fyrste tida kombinert med lærarstilling ved Voss jordbruksskule. Som journalist synte han eit levande engasjement for Voss og lokalsamfunnet.

I alle desse åra har han jamt vore å høyra i nyhendesendingar i radioen på NRK Hordaland, og i fjernsynsinnslag på Vestlandsrevyen. Mange av innslaga hans har gått vidare til Dagsnytt og Dagsrevyen.

STEINAR NEDKVITNE vil verta djupt sakna av mange, både i nyhendesendingar på radio og fjernsyn, og ikkje minst som den flotte og morosame personen han var. Det kjennest blodig urettferdig når livet vert teke frå ein så livsglad person i sin beste alder.

Steinar skulle framleis hatt mange gode år framføre seg, med alt han var så glad i å driva med, både på sjøen og til fjells. Me er mange som står att med stor sorg og gode tankar om Steinar.

I denne stunda går tankane fyrst og fremst til hans næraste, dei tre borna som har mista verdas beste pappa, og alle dei andre som stod han nær.

Me lyser fred over Steinar Nedkvitne sitt minne.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.