annonse

Steinmeier skeptisk til væpning av kurdarar i Irak

Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier er skeptisk til å senda våpen til kurdiske styrkar i Irak sjølv om han sjølv og regjeringa hans har gått inn for det.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at kurdarane kan koma til å bruka desse våpena til å kjempa for sin eigen stat eller at våpena på eit seinare tidspunkt hamnar på feil hender, seier Steinmeier til avisa Hannoversche Allgemeine Zeitung måndag.

– Det er grunn til å frykta moglegheita for eit uavhengig Kurdistan i det nordlege Irak som vil føra til ytterlegare splitting i Irak, seier han vidare.

Fryktar konsekvensar

Ifølgje Steinmeier kan den potensielle kampen til kurdarane for sjølvstende med tyske våpen få store konsekvensar for regionen med «nye kampar for nye grenser og statlege territorium».

Den tyske Forbundsdagen skal måndag stemme over forslaget til regjeringa om å senda våpen til Nord-Irak for å utrusta 4.000 kurdiske soldatar som kjempar mot dei ekstreme islamistane i Den islamske staten (IS).

Det er snakk om panserbrytande våpen, tusenvis av rifler, handgranatar, mineutstyr, nattkikkertar, feltkjøkken og telt. Avgjerda kjem elleve år etter at Tyskland sa nei til å delta i krigføringa i Irak, og ho bryt med etterkrigspolitikken til Tyskland om ikkje å senda våpen til konfliktområde.

Rom for unntak

Tyskland har tidlegare sendt humanitær hjelp og defensivt forsvarsutstyr som skotsikre vestar og hjelmar til Irak, men aldri våpen.

Søndag kunngjorde likevel statsminister Angela Merkel at situasjonen i Nord-Irak no er så prekær på grunn av valdsutgytingar som IS står bak, at tyske styresmakter vil gjera eit unntak frå forsvarspolitikken. (©NPK)

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.