annonse

Steinras i Eidfjord – mann fekk steinblokk over seg

Fire menn som arbeidde med kraftlinjene ved Kjeåsen i Eidfjord stod fast på ei fjellhylle etter eit steinras, og måtte reddast ut med Sea King-helikopter.

Sara Finne

Politiet fekk melding om eit steinras ved Kjeåsen i Eidfjord klokka 18.20 torsdag kveld. Ein mann i 40-åra som jobba med nokre kraftlinjer i området, vart treft av ei steinblokk då raset gjekk. 

– Han vart treft i rygg og skulder, slegen medvitslaus og kasta 6–8 meter ned før han landa på ei fjellhylle, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Redda ut av området

Mannen vart fyrst slegen medvitslaus, men vart deretter medviten att. Han og tre andre menn som også arbeidde i området stod fast på fjellhylla etter raset. Like etter klokka 21.00 melde politiet på Twitter at eit Sea King-helikopter hadde henta dei ut av området.

Det var utfordrande vêrforhold på staden.

Lettare skadd

Mannen som vart treft av steinblokken vart frakta til Haukeland universitetssjukehus.

– Men det ser ut til at det har gått greitt med han, trass alt. Før Sea King-helikopteret kom til staden fekk me heist ned helsepersonell til fjellhylla med luftambulansen. Og denne personen beskreiv mannen som vaken, stabil og klar, seier Dahl-Michelsen.

Dei tre andre mennene som sto fast på fjellhylla er uskadde, men var våte og kalde.

Helse Bergen opplyser i ei pressemelding torsdag kveld at mannen, som er 46 år, er lettare skadd. 

 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.