annonse

Stem fram dei ni beste fjellnamna til gondolen

FJELLTOPPAR:
FJELLTOPPAR: Utsyn frå Bunuten mot Bu, Utnefjorden, Eidfjorden, Oksen, Ingebjørgfjellet og Midtfjell. Oksen og Ingebjørgfjellet er to av namna som kan få sin eigen kabin på Voss Gondol. (Foto: Svein Ulvund)

Juryen har stemt over 15 fjelltoppar. No skal lesarane bestemma dei ni beste namna til gondolkabinane.

Marita Saue Hamre

Juryen har plukka ut 15 fjelltoppar ut frå dei over 200 nominerte namna frå lesarane.

Dei ni namna som får størst oppslutnad vert dermed valde.

Lesaren kan stemma på eitt namn, eller ni namn.

I sommar opnar Voss Gondol den nye gondolbanen til Hangurstoppen.

Her skal ni nye og topp moderne kabinar med plass til 34 personar kvar, frakta folk opp og ned.

Ni fjelltoppar

Juryen har plukka ut desse fjellnamna:

• Olsskavlen

• Hangur

• Lønahorgi

• Gråsidetoppen

• Horndalsnuten

• Grønahorgi

• Kvitanosi

• Mykkeltveitveten

• Oksen

• Hodn

• Ingebjørgfjellet

• Storanosi

• Kollingseggi

• Hermannsnuten

• Karaldenuten

Les òg:

Frist 21. juni

Du kan stemma på namn til kabinane ved å senda e-post til gondol@avisa-hordaland.no, på privat melding på Facebook-sida til Hordaland eller via ein nomineringssetel i papiravisa frå papiravisa.

To heldige personar vil verta trekte ut til å vinna kvar sine sesongkort hjå Voss Gondol.

Du har frist til å stemma til 21. juni.

I juryen sit Trude Storheim i Vossa Jazz, Olav Farestveit i Voss idrettsråd, redaktør Geir Geitle i avisa Hordaland og adm.dir. i Voss Resort, Øyvind Wæhle.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse