annonse

Sterk skyting og kongeros på Skjerve

KONGEROS
KONGEROS: Årets skyttarkonge Rasmus Løberg (i midten) er full av lovord for stemnet på Voss. Det var godt å høyra for Knut I. Kvarekvål (t.v.) og Morten Helgaset i Voss skyttarlag. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Frende cup baud på banerekordar og andre sterke prestasjonar.

Ørjan Brattetveit

– Det var eit bra stemne på ei flott bane, men eg nådde ikkje heilt opp. Det har vore ein lang sesong, seier årets skyttarkonge Rasmus Løberg. Han håpar på å koma tilbake i toppform når Voss skipar til Landsskyttarstemnet i 2022.

– Mitt fyrste landsskyttarstemne som senior, var her på Voss, seier skyttarkongen, som rosar arrangørlaget Voss skyttarlag for eit godt stemne. Løberg lukkast ikkje denne gongen, og hamna langt nede på lista.

Banerekord

Skyttarkongen kom i skuggen av Einar Johansen, Time. Han slo til med 349 og 14 indre. Dermed sette han ny banerekord på Voss. Ole Magnus Bakken, Løiten tok 2. plass og Daniel Sørli, Høland/Bjørkelangen kom på 3. plass. Begge skaut 348.

Med helga vart det også sett banerekord på 100m. Caroline Finnestad Lund, Søgne, skaut uslåelege 350 poeng med 35 sentrum i klasse eldre rekrutt.

I siste laget på 200 meter sundag gjorde John Almeland det spennande for lokale patriotar då han skaut heile 246 i innleiande, og han var med det heilt i toppen for å kjempa seg inn mellom dei 10 beste i Frende Cup på Voss.

– Diverre for John vart det litt smårusk på omgangen. Han skaut 97, og i dette selskapet held berre 100, og helst med mange indre, kommenterer Sigurd Liland i arrangørlaget. John Almeland vart likevel beste vossing på 51. plass. Det var heile 14 skyttarar med 343 poeng og dei tok plassane 41-54.

Nest beste vossing vart Øystein Kvarekvål med 337 på 95. plass – av dei 160 skyttarane som skaut Frende Cup i klasse 3-5.
Anders Metveit, Imenes vann V55.

Godt nøgde

Voss Skyttarlag stod saman med Hardanger Skyttarlag og Jondal Skyttarlag som arrangør av tredje og siste runden av Frende Cup, noregscup i skyting. Stemna gjekk fredag 30. august til sundag 1. september. Det vart også halde stemne for klassane som ikkje er med i noregscupen.

Stemneleiar på Voss Morten Helgaset og leiar i skyttarlaget Knut I. Kvarekvål har all grunn til å vera nøgde med arrangementet.

– Stemnet gjekk bra, og me har fått gode tilbakemeldingar, seier dei. 

Samanlagtsigeren i Frende cup i klasse 3-5 gjekk til Daniel Sørli, to poeng framfor Rasmus Løberg. Ivar Fjeldberg frå Asker vann V55-klassen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse