annonse

Sterk trafikkauke i Vangstunnelen

Vangstunnelen avlastar dagleg Vangen og gatene der for meir enn 4000 bilar. Her frå opninga av tunellen i desember 2013
SUKSESSHISTORIE: ordførar Hans-Erik Ringkjøb (t.v.) og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)
Årsdøgertrafikk for nokon av teljepunkta mellom Trengereid og Vinje:

Meir enn 4000 bilar passerte gjennom Vangstunnelen i snitt per døger i 2017. Auken frå 2016 vart dermed på heile 11,3 prosent.

Rolf Tepstad

Juli månad hadde størst trafikk, med 5392 passeringar pr. døger, ifylgje Statens vegvesen sine tal. Færrast nytta tunellen i november månad, der snittet enda på 3140 bilar pr. døger.

Snittet på årsbasis vart dermed 4039 køyretøy pr. døger, som var heile 413 stk. fleire enn året før.

785 av dei daglege bilane var tunge køyretøy, og svarar til 19 prosent av totalen.

Vangstunnelen sparte dermed Vangen og miljøet i sentrum for nær 800 tunge køyretøy og drygt 3200 vanlege bilar kvar einaste dag i 2017!

Kraftig auke frå april

Vangstunnelen hadde òg ein heilt annan trafikkvekst enn resten av E16.

Teljepunkta i Vaksdal kommune, og tilsvarande punkt på Evanger, i Skulestadmo og på Vinje i Voss kommune, viser alle saman ein langt meir moderat vekst. Minst i Skulestadmo, der auken berre var på 51 køyretøy pr. døger. Mest forbi Stanghelle, der veksten var på 166 daglege bilar.

Heng saman med vegarbeid

Kvifor då så kraftig vekst nett i Vangstunnelen?

Svaret syner seg temmeleg raskt om ein studerer Statens vegvesen sine tal månad for månad.

Då finn ein at auken i Vangstunnelen òg låg på nivået 100–200 køyretøy i dagleg vekst gjennom perioden januar til og med mars 2017, men at det frå april vart ein auke på bortimot 1000 daglege køyretøy. Dette samsvarer då heilt nøyaktig med startpunktet for arbeidet med å gje Uttrågata og Sverresplass ein mjukare og grønare profil.

Valde tunellen

Køyring gjennom sentrum vart samstundes eit så krevjande prosjekt at mange nok valde alternativet gjennom fjellet.

STERKT AUKANDE
STERKT AUKANDE: Trafikken gjennom Vangstunnelen har auka år for år sidan opninga i 2013, men aldri har auken vore sterkare enn i fjor. Foto: Illustrasjon frå Statens vegvesen

Vangstunnelen vart opna i desember 2013. Gjennom fyrste heile driftsåret (2014) hadde tunnelen ein årsdøgertrafikk på 3061 køyretøy.

Tre år seinare var det altså nær tusen daglege passeringar meir, 4039 stk. Så får tida visa om folk har funne seg nye vanar permanent, eller om trafikken gjennom Uttrågata og Sverresplass vil auka att no som anleggsarbeidet i sentrum er avslutta.

Utvalde teljepunkt

Kikkar ein på resten av trafikkbiletet langs E16 er det òg vekst over heile lina, men altså; berre moderat vekst.

E16-punktet som har størst registrert trafikk i vårt område er elles Stanghelle, med 5674 bilar pr. døger i årsgjennomsnitt. I toppmånaden juli, hadde punktet likevel heile 7371 daglege passeringar ifylgje Statens vegvesen sitt teljeapparat.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.