annonse

Sterk vind i natt

ROTVELT
ROTVELT: Treet på Hallanger vart teke av vinden natt til måndag. (Foto: Terje Hjartnes)

Både tre og løetak vart tekne av vinden i Ulvik natt til måndag.

Sara Finne

Klokka 05.00 måndag morgon melde 110-sentralen på Twitter om eit løetak som hadde vorte teke av vinden i Hallangervegen i Ulvik. Natt til måndag var det sterk vind i området.

Brannvesenet måtte venta på dagsljos før dei kunne arbeida på staden.

– Ingen vart skadde, og dyra i løa skal også vera i sikkerheit, seier Arne Korneliussen hjå 110-sentralen.

Vidare hadde òg eit stort tre vorte teke av vinden i Hallangervegen, som reiv med seg ei straumleidning.

Måndag morgon fekk politiet i tillegg melding frå ein huseigar i Vikjavegen på Voss som mellombels hadde evakuert familien frå bustaden, då både Vinsandelvi og Nesthuselvi flauma over.

– Huseigaren mistenkte eit tett avlastingsrøyr. Brannvesenet har fått beskjed, seier Håvard Skattum i politiet på Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.