annonse

Stille på raud valvake i Gamlekinoen

STØTTE
STØTTE: Linda Monsen Merkesdal hadde teke med seg dottera Tonje Monsen Merkesdal som moralsk støtte på valvake. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
OPTIMIST
OPTIMIST: – Oi! var reaksjonen då den fyrste valdagsmålinga kom måndag kveld. Arbeidarpartiet i Hordaland sin 6. kandidat er optimistisk sjølv om målinga synte blått fleirtal. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
VALVAKE
VALVAKE: Sp, Ap, SV og Raudt er samla på Gamlekinoen i kveld. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

Det vart stille i Gamlekinoen då den fyrste valdagsmålinga vart offentleggjort måndag kveld.

Ingvild Siglen Berger

Der er nemleg Ap, Sp, SV og Raudt samla til valvake.

– Oi! var fyrste reaksjon frå Linda Monsen Merkesdal, som er 6. kandidat for Arbeidarpartiet i Hordaland.

Den fyrste målinga synte ei kandidatfordeling der det går mot fleirtal for at den sitjande regjeringa får halda fram.

– Det er framleis jamt, så resultatet vil visa seg utover kvelden. Eg er optimist, seier Merkesdal, og legg til:

– Eg er overraska over at dei blå framleis har så stor oppslutning. Arbeidarpartiet er i alle fall større enn Høgre, og det er gledeleg. No gjeld det å ha is i magen!

Like etter klokka 22.30 synte mandatfordelinga 81-87 i borgarleg favør. 

– Nett no er me eit stykke unna, men det viktigaste er at me får eit regjeringsskifte, sa Merkesdal då. 

Sjølv om målingane vippa opp og ned gjennom kvelden, vart det tidleg avgjort at det truleg ikkje held til plass på Stortinget for Merkesdal. Ho vert sannsynlegvis 2. vara. 

– Det vert spanande det òg. Eg ser på det som ein moglegheit til å koma inn og påverka litt, seier ho.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.