annonse

Stjernekamp

EKSPLOSIVT
EKSPLOSIVT: Gullet du har på fingeren, i tenna eller under madrassa, stammar frå ein kollisjon mellom to nøytronstjerner for hundrevis av millionar år sidan, skriv Sjur Hjeltnes i dagens innspel. (Foto: olourbox)

17. august i år var det klart for stjernekamp. Då braka to massive stjerner i hop i ei hending som var endå meir dramatisk enn laurdags­underhaldninga på NRK.

To nøytronstjerner kolliderte og danna ei svær eldkule kalla ein kilonova.

Etterpå kollapsa dei til eit svart hol.

Dette var ei så energirik hending­ at den laga gravitasjonsbylgjer.

Desse bylgjene er når rommet og tida (eller romtida som fysikarar pleier å sei fordi dei to heng i saman) bøyer seg.

Altså sjølve rommet forandrar seg og sjølve tida går med ulik fart.

Det siste er jo noko me opp­lever ofte.

Om du har det kjekt, er på ferie, på fest, på galeien, på ein snurr, på hyttetur, på oppadgåande så går tida fort.

Ho rasar forbi.

Men har du det kjedeleg, er du i møte, i kø, i oppryddingskomitéen, i samtale med ein dott, i busskuret, i ferd med å skrella poteter, så går tida sakte.

Uendeleg sakte.

Som lim.

Men ute i rommet er det altså ikkje berre vår oppfatning av tida som forandrar seg ved store kosmiske hendingar, men sjølve tida.

Dette er, for å seia det mildt, ikkje lett å forstå.

Det er temmeleg ville greier.

Viss du tenkjer på at rommet forandrar seg, kan du verta ør i hovudet.

Som ein av dei mest kjende kvantefysikarane har sagt: «Viss du trur du har forstått kvantefysikk, så har du ikkje forstått kvantefysikk».

For hundre år sidan, som ein fysikkens Snåsamann, sat ­Albert Einstein og tenkte ut heilt av seg sjølv og utan høve til å sjekka det, at det må finnast gravitasjonsbylgjer.

Det er imponerande.

No, hundre år etter, går Nobelprisen 2017 til tre teoretiske ­fysikarar som har bevist at gravitasjonsbylgjer finst: Kip Thorne (77), Barry Barish (81) og Rainar Weiss (85).

Godt vaksne karar som høyrest ut som eit popband frå 70-talet: Thorne, Barish and Weiss.

Og no i år kunne ein måla gravitasjonsbølgjene til desse to massive nøytronstjernene som kolliderte. Då dei fyrste observatørane såg kva som skjedde og sendde melding rundt i ­verda, hoppa hundrevis av fysikarar ut av sengene sine og sprang til observasjonsstasjonane sine (mange sikkert framleis i pysjen) og fylgde med. Dette er fyrste gong ein både har sett og samtidig målt gravitasjonsbølgene til eit slikt fenomen, og fyrste gong ein har sett eit svart hol bli til.

Ein meiner òg at det er frå slike hendingar dei tunge grunnstoffa som gull og uranium vert til, noko som har vore eit mysterium lenge.

Så gullet du har på fingeren, i tenna eller under madrassa, stammar frå ein tilsvarande kollisjon mellom to nøytronstjerner for hundrevis av millionar år sidan.

Dei to stjernene var ikkje store, men massive.

Faktisk var diameteren deira berre omlag 20 kilometer.

Det er avstanden mellom Voss og Evanger.

Men til gjengjeld hadde dei ein så konsentrert masse at stoff frå desse stjernene på ­størrelse med ein sukkerbit ville vore omlag ein milliard tonn.

Den hadde ikkje vore lett å få opp i kaffien.

Du treng ikkje vera redd for denne eksplosjonen, for den skjedde 130 millionar lysår borte.

Det vil seia at det skjedde for 130 millionar år sidan.

Altså gammalt nytt.

Ein av dei fyrste sesongane til Stjernekamp.

Då alle visste kven stjernene var.

Jo fleire sesongar, jo færre stjerner å ta av.

Akkurat som «Skal vi danse».

Når ein slepp opp for stjerner, må gamle ordførarar trø til.

Men universet slepp ikkje opp for stjerner med det fyrste.

For universet er stort.

Større enn det meste faktisk.

Større enn det største du kan tenkja deg, og så endå litt til.

Ein totalt overveldande størrelse­, skikkeleg: «Jøss, det var stort!»

Det er god plass rett og slett.

Og rikeleg med stjerner.

Fleire stjerner enn me kan ­førestilla oss.

Nok til mange sesongar av stjernekamp.

Sjur Hjeltnes

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.