Avisa Hordaland

Oppdatert: Søndag 14.03.2010 13:37

«Stor pågang på vaksinestasjonen»

VAKSINE: Litt kaotisk i starten, men køen kom raskt i ordna former. Mange nyttar denne veka høvet til å vaksinera seg mot svineinfluensa. DANIEL MELVE KVARME | foto

Stor pågang på vaksinestasjonen

Publisert: 16.12.09 kl. 08.54
Skribent: Anne Rivenes
E-post: ar@avisa-hordaland.no

– Dei fleste er bestemte når dei kjem, men dei har gjerne spørsmål likevel, seier turnuslege Tine Vindenes.

I kjellaren på Park Hotel Vossevangen er det massevaksinering mot svineinfluensa denne veka. Røde Kors ordnar køen, og står for registrering og betaling.

– Det er samfunnsnyttig og førebyggjande arbeid, og me ynskjer å bidra i lokalsamfunnet, seier Elin Vandbakk, leiar i Voss Røde Kors Hjelpekorps.

Det er kommuneoverlege Richard Jackobsen svært glad for.

Kort ventetid

Tysdag var det hektisk ved oppstarten, fordi ein del hadde blitt sitjande utan kølapp.

– Det er litt løye system her, sa ei dame på veg inn til vaksinatøren.

– Det er mange inngangar til lokalet, folk kjem frå fleire stader, og frå kommunen si side er det litt dårleg skilta, seier Vandbakk.

Men det gjekk raskt å koma i orden, slik at køen krympa inn, og folk slapp å sitja lenge og venta på tur. Måndag var det ingen kø. Maks ventetid var 30 minutt. Og etter sprøytestikket må ein bli verande 20 minutt for å sjå at det ikkje oppstår reaksjonar.

Somme er engstelege

– Eg går rundt og ser korleis det går, seier turnuslege Tine Vindenes.

– Har det vore reaksjonar?

– Enkelte har kjent seg litt svimle. Det er gjerne folk som har vore litt engstelege på førehand. Utover det er det ingen alvorlege reaksjonar, seier Tine Vindenes.

– Er folk framleis litt i tvil når dei kjem her, om dei skal vaksinera seg?

– Dei fleste er bestemte når dei kjem, men dei har gjerne spørsmål likevel. Til dømes i høve til medisin dei tek, eller om dei skal ta vaksine dersom dei er forkjøla. Viss dei har feber eller kjenner seg uvel, tilrår me at dei ikkje tek vaksine no, seier Vindenes.

Interaktivt

Mest lest

Mest tipsa

Siste frå galleri

  • Sjå Goa'badne
  • Eigedom
  • Stilling ledig

Smått og stort

ROLEG: – Som helsesyster vert ein van med å jobba sjølvstendig, seier Marta Katrine Egdetveit, som no for tida har fullt opp med å setja seg inn i sin nye jobb. DANIEL MELVE KVARME | foto

PORTRETTET: Marta steg for steg

– Viss du skal eta ein elefant, må du dela han i små porsjonar! Marta Katrine Egdetveit ler godt og hjarteleg. / Les saka

Bilete til saka «LEIAR: Slaktar mjølkekua?»

LEIAR: Slaktar mjølkekua?

I desse dagar har vossingane fått tilsendt giro for innbetaling av eigedomsskatt. / Les saka

Bilete til saka «Levande bjørk i vinterkulda»

Levande bjørk i vinterkulda

Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken. / Les saka

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Siste frå Voss

Vossing sentral i ny krimroman

Kai Flatvåg heiter han i romanen, Kai Svellingen Flatekvål er det verkelege namnet. Og han vert skremd til å ta sitt eige liv på side 16 i den nye bergenske krimromanen «Karma». / Les saka

VANN: Gunvor Wæhle var best i noregscupen på Voss. FOTO: PER FINNE

Wæhle vann etter avlysing

VINTERVEKO: Gunvor Wæhle vann kvalifiseringa og vert ståande som vinnar av noregscupen i frikøyring då Vinterveko måtte avlysa finalen laurdag. / Les saka

Søk i avisene tilbake til 2004
kan du enkelt gjera her. Skriv inn søkeordet ditt - og du får opp fleire val. Klikk på dei ulike vala og du får opp eit bilete av sida søkeordet dukkar fram på. Klikk på biletet for å lasta ned og kjøpa sida.

Søk i tidlegare utgåver:

Buy and Read

Siste frå Granvin/Ulvik

Fylkesveg 572 opna att

RASFAREN REDUSERT: Fylkesveg 572 mellom Ulvik og Bruravik er no opna att for trafikk. Vegen vart stengd onsdag kveld klokka 19.00 grunna stor rasfare.    / Les saka

LETTA: Jarle Trå er glad og letta over PFU si avgjerd, men utelukkar ikkje at han likevel vil gå rettens veg. ARKIVFOTO: DANIEL MELVE KVARME

Trå vurderer rettssak

Jarle Trå gler seg over at Dagbladet vart felt i PFU. Han vurderer likevel å gå rettens veg. / Les saka

Du må ha Flash 8 eller nyare for å sjå dette innhaldet

Siste frå Vaksdal/Modalen

Gaute Klyve. Foto: Frode Rene

NSB gav pendlarane ein kalddusj

Det same toget som laut returnera Bergen stasjon i ettermiddag etter røykutvikling, gav fleire av dei reisande ein kalddusj, bokstaveleg tala. / Les saka

Fylkesveg 313 opna att etter ras

Vegen frå Teigdalen til Nesheim i Eksingedalen er no opna att etter at det i føremiddag gjekk eit snøras der. / Les saka

Bilete til saka «Vinterdag på Hamlagrø»

Vinterdag på Hamlagrø

Strålande sol, knallblå himmel, rimfrost på trea og mykje snø, nett slik me ynskjer det til påskeferien, men det er kaldt. / Les saka

Bilete til saka «Solnedgang og fullmåme»

Solnedgang og fullmåme

I finveret dei siste dagane har me hatt ein fantastisk solnedgang og måne. / Les saka

Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS © 2010 produkt