annonse

Stor snøskredfare i helga

SKRED
SKRED: Det er stor snøskredfare i distriktet. Her frå eit tidlegare skred på Gullbrå i Eksingedalen. (Foto: Frøydis Gullbrå)

Det er betydeleg snøskredfare på Voss og i Hardanger.

Ørjan Brattetveit

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) åtvarar mot auka snøskredfare fleire stader på Vestlandet denne helga.

Områda Voss, Indre Fjordane og Hardanger har kategori 3-varsel.

Dette tyder betydeleg fare for skred. 

NVE varslar òg fare for fokksnø og folk vert bedne om ikkje å ferdast i bratt terreng.

I låglandet er det fare for å utløysa våte skred i bratt terreng.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.